Gjer PPU meir tilgjengeleg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Med meir fleksibilitet for studentane og samlingar i Ålesund, Molde og Kristiansund legg Høgskulen i Volda frå hausten 2019 meir til rette for noverande og framtidige lærarar som ønsker å ta praktisk-pedagogisk utdanning.

Utdanninga som kvalifiserer ein til å bli lærar for 5. – 10. årssteg i grunnskulen og vidaregåande skule tilbyr Høgskulen i Volda (HVO) for allmennfag både som heiltids- og deltidsutdanning. Høgskulen har også PPU for yrkesfag. Søknadsfrist i 2019 er 15. april.

PPU i Volda tilbyr undervisning i ei stor fagbreidde, og har tilbod til studentar med følgjande fagbakgrunn: Norsk, framandspråk, religion og livssyn, realfag (matematikk/naturfag), samfunnsfag, mediefag, kunst og handverk, idrett og kroppsøving, musikk, teater og drama. I tillegg kjem alle dei ulike yrkesfaga.

Digital undervisning

Nytt av året er at ein gjer utdanninga meir fleksibel og på den måten opnar meir opp for potensielle studentar i ulike livssituasjonar. Mykje av undervisninga vert gitt som digital undervisning, og ein går meir bort frå undervisning i klasserom, fortel studieleiar ved PPU Bjørnar Sæterås.

PPU2
Kjetil Saanum underviser PPU-studenter på samling i Molde.

– Vi har også ein del undervisning lokalisert til Ålesund, Molde eller Kristiansund. For studentar som tek PPU allmennfag på deltid vil det truleg vere berre fire fysiske samlingar i løpet av studieåret i Volda, frå onsdag til fredag. Tilsvarande vil det truleg også verte på PPU yrkesfag, seier Sæterås.

Praksis i nærregionen

Praksis er ein svært sentral del av PPU-studiet. Høgskulen gjer no ein god del endringar i ordninga  slik at studentane skal få eit enno betre individuelt tilpassa opplegg for eiga utvikling i praksis.

– Gjennom eit tett og godt samarbeid med skular i heile Møre og Romsdal, og også andre stadar, kan vi skaffe praksisplassar og engasjerte praksislærarar i nærregionen til der studenten er. Studentar som er i arbeid ved ein skule kan også få tatt ein stor del av praksisen på eigen skule, i samråd med skuleleiinga på aktuell skule.

Frå hausten 2019 er det krav om mastergrad for å vere kvalifisert til PPU allmennfag. Unntaket er dei praktisk-estetiske faga, der bachelorgrad er nok.

Mange manglar pedagogikk

Berre i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal arbeider det i følgje høgskulelektor og praksiskoordinator ved PPU-utdanninga ved HVO, Kari Hasle, over 100 lærarar som ikkje har profesjonsbeviset – som vil seie at dei ikkje har pedagogisk utdanning. Lovverket seier at ein kan vere tilsett i to år utan slik kompetanse, men at ein da må ta til med pedagogisk utdanning.

– Vi har eit godt samarbeid med fylkeskommunen, og 75 prosent av praksis i PPU-studiet ved HVO føregår i vidaregåande opplæring, fortel Hasle.

Studieleiar Sæterås meiner endringane ein no gjer vil vere med på å gjere utdanninga enda betre og truleg vere med på å redusere talet på lærarar utan pedagogisk utdanning i regionen.

– Vi trur at summen av alle dei endringane vi no gjer i PPU -studiet gjer at studentane framover vil oppleve PPU som eit enno meir aktuelt og relevant studie. Og grepa som er gjort i høve å auke fleksibilitet håpar vi på skal gjere studiet aktuelt for enno fleire rundt om i regionen og landet som har lyst til å gå inn det viktigaste yrket vi har – læraryrket.

Del på