HVO-alumnar på besøk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I strålande sol viste studiebygda Volda seg frå si aller vakraste side då prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim og studieleiar for grunnskulelærarutdanninga Eivind Patrick Hanevik ønskte ei gruppe tidlegare lærarstudentar velkomne til orientering og omvising på høgskuleområdet torsdag 1. september. Dei flotte HVO-alumnane tok til på lærarutdanninga i Volda i 1960 og vart uteksaminerte i 1964.

Opptaksprøve

Torbjørn Urke frå Ørsta fortel at lærarutdanninga i den tida eigentleg var 2-årig.

–  Vi som gjekk i denne klassen hadde ikkje artium. Difor måtte vi ta ei opptaksprøve for å kome inn på lærarutdanninga. I 1960 var det heile 150 som møtte opp på denne opptaksprøva i Volda. Kom du inn, måtte du då gjennomføre ei lærarutdanning på fire år, forklarar Urke.

Urke
–  Vi som gjekk i denne klassen hadde ikkje artium. Difor måtte vi ta ei opptaksprøve for å kome inn på lærarutdanninga, fortel Torbjørn Urke.

Sosial gjeng

Urke fortel at dei var 32 studentar i klassen, og at samhaldet mellom dei har vore sterkt.

–  Vi har hatt hyppige sosiale samlingar. Første tida møttest vi kanskje kvart tiande år, men etter 2010 har vi hatt samlingar nesten kvart einaste år, seier Urke.

Flinke lærarar

Når dei får spørsmål om kva dei ser på som gode minner frå studietida i Volda, er det mange som peikar på alle dei flinke lærarane dei hadde. Mange i gruppa trekk fram også det svært gode miljøet i klassen.

– Det beste med å vere lærar er å gjere andre gode, seier Margrethe Kiperberg.

– Å gjere andre gode

– Det beste med å vere lærar er å gjere andre gode. Gleda av å sjå at det du bidrar med gjer at elevane lukkast og meistrar nye ting. Ingen dag er lik, og nye og spennande utfordringar dukkar alltid opp på vegen. Om eg skal gje eit råd til nyutdanna lærarar i dag må det vere at ein må hugse på at ein ikkje er utlært når vitnemålet er i handa. Det er framleis mykje spennande å lære i klasserommet og i møte med elevane dine, seier Margrethe Kiperberg.

Del på