- Ikkje dumme av dataspel

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av Kenneth Kiplesund og Jan-Ludvig Myklebust


Torill Mortensen fortel at ho sjølv byrja å spele dataspel på 1980-talet, og i 1997 vart den første rapporten hennar om temaet dataspel gitt ut. Sidan har ho skrive fleire artiklar om temaet, og i 2003 fullførte Mortensen doktorgradsavhandlinga ”Pleasures of the Player: Flow and Control in Online Games”. Ho har tidlegare mellom anna forska på såkalla weblogs, nettdagbøker.


Mortensen2_520 

Mortensen, som er 1. amanuensis ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, seier at ho byrja å forske på temaet ”gleda ved dataspel” fordi ho har ei overtyding om at populærkultur ikkje er noko dårlegare enn høgkultur.

– Dataspel vart sagt å vere farleg, men eg greidde ikkje tru at dette stemte i røynda, fortel ho vidare.

– Difor måtte eg finne ut kva som låg bak interessa for dataspel. Og det er ikkje mange andre som forskar på dette temaet. Fleire andre har forska på temaet dataspel, men dei fleste har konsentrert seg om oppbygginga av dataspela, medan eg har forska på brukarsida av dataspel. Lite av forskinga mi er publisert på norsk, med unntak av ”Tatt av spillet: forførelse og forskning” i boka ”Flyt og Forførelse; fortellinger om IKT”. Eg har vorte oppringt av journalistar til stadigheit, og på webloggen min kan ein finne ei oversikt over alle publikasjonane mine.

Når det gjeld resultata av forskinga, har Mortensen avdekka noko interessant og uventa. Ho har nemleg funne ut at dei som spelar dataspel sjølvsagt har ulike grunnar for å spele dataspel, men ingen av dei som spelte var ”dumme”. Dei spelte heller ikkje grunna mangel på fritid eller sosial status.

– Dei aller fleste spelarane var intelligente folk med travle liv og gjerne høg utdanning eller på veg til å få høgare utdanning. Dei hadde stort sett sterke familiebakgrunnar og ingen av dei var taparar, verken i det sosiale liv eller heime. Det er ikkje dumskap som gjer at folk spelar, men heller det at dei rett og slett berre har lyst å spele. Det finst like mange grunnar til å spele som det finst menneske, seier Mortensen.

Som ei følgje av doktorgradsavhandlinga frå 2003, skreiv Mortensen artikkelen ”Flow, Seduction and Mutual Pleasure” i 2004. I artikkelen går ho djupare inn i flyt- og fryd-opplevinga, og ho har intervjua ein del amerikanske ungdomar som spelar dataspel. Desse ungdomane var i alderen 17 til 23 år (i august-september 1999). Les meir om dette her.

Kenneth Kiplesund og Jan-Ludvig Myklebust studerer Informasjon og media ved Høgskulen i Volda

Del på