Klare for nynorskkonferanse på Hamar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Neste veke arrangerer Nynorsksenteret ein nasjonal konferanse om norskfaget.

– Vi er eit nasjonalt senter som skal fremje god nynorskopplæring over heile landet. Denne gongen valde vi Hamar som ligg utanfor kjerneområdet til nynorsken, fortel Torgeir Parr Dimmen som er leiar ved Nynorsksenteret.

Tysdag 19. november byrjar konferansen som går over to dagar. Lesing, skriving, nynorsk, vurdering og fagfornying er nokre av stikkorda for programmet. Nye læreplanar for alle fag vert offentleggjorde måndag 18. november. Frå hausten 2020 skal dei takast i bruk på alle klassetrinn.

– Vi hadde full klaff med tidspunktet for konferansen, seier Dimmen. Konferansen er fullteikna med 130 deltakarar.

– Vi er glade for god geografisk spreiing, deltakarane kjem frå Kirkenes i nord til Mandal i sør. Dei fleste er lærarar, men det er også andre som er interesserte i norskfaget. Vi håper alle vil få eit godt fagleg utbytte, seier Dimmen.

Innhaldsrikt program

Det er Nynorsksenteret som arrangerer konferansen. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, skal halde innlegg om kva slags norskopplæring vi treng i framtidas skule. Leiar i fagplangruppa, Christian B. Bjerke, kjem for å presentere nokre hovudpunkt i fornya læreplan i norsk. Dosent i norskdidaktikk, Kåre Kverndokken, vil mellom anna svare på korleis ein kan hindre mental utmelding hos elevar. Språkvitar Kristin Fridtun skal halde innlegg om det norske språkmangfaldet. 15 tilsette frå Høgskulen i Volda skal delta på konferansen. Fleire av desse skal halde innlegg. Det er lagt opp til både plenumsøkter og parallellsesjonar med ulike perspektiv. Det vil bli seminar om både sidemåls- og hovudmålsopplæring for ulike klassetrinn. I tillegg skal det vere eit arrangement med forfattar og musikar Tore Renberg i Hamar kulturhus. https://nynorsksenteret.no/uploads/documents/Program_Nynorskkonferansen-2019.pdf

Del på