Kompetanse for kvalitet – ledige studieplassar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda lyser no ut ledige studieplassar i Kompetanse for kvalitet. – Dette er gratis vidareutdanningstilbod for utdanna lærarar men utan stipend eller vikarstøtte gjennom Utdanningsdirektoratet, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Kompetanse for kvalitet er ein nasjonal strategi for vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar fram mot 2025 då nye kompetansekrav for lærarar i grunnskulen vert gjeldande. Totalt har Høgskulen i Volda (HVO) 15 studietilbod innan ordninga og lyser no ut ledige studieplassar på 11 av tilboda.

Ole Frank Bakken
Seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.

– Det er løpande opptak, so her gjeld prinsippet «første mann til mølla», seier Bakken.

Sjå liste over studietilboda og søk opptak her.

Seniorrådgjevar Bakken minner om at dei ledige studieplassane i Kompetanse for kvalitet (Kfk) er utan økonomisk støtte frå Utdanningsdirektoratet.

– I det første opptaket, med frist 1. mars, vart 181 lærarar prioriterte av arbeidsgjevarane sine og fekk tilbod frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) om å ta vidareutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2020, seier Bakken som gler seg over god søking til Programmering 1. – 7. årssteg, Programmering 5. – 10. årssteg,  spesialpedagogikk, programmering og kunst og handverk.

 

Del på