Kompetanse for kvalitet – ledige studieplassar

Høgskulen i Volda lyser no ut ledige studieplassar i Kompetanse for kvalitet. – Dette er gratis vidareutdanningstilbod for lærarar men med utan stipend eller vikarstøtte gjennom Utdanningsdirektoratet, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Vidare 2022

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Del på:

Høgskulen i Volda lyser no ut ledige studieplassar i Kompetanse for kvalitet. – Dette er gratis vidareutdanningstilbod for lærarar men med utan stipend eller vikarstøtte gjennom Utdanningsdirektoratet, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

OFB
Seniorrådgjevar Ole Frank Bakken

Kompetanse for kvalitet (KFK) er ein nasjonal strategi for vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar fram mot 2025 då nye kompetansekrav for lærarar i grunnskulen vert gjeldande.

Seniorrådgjevar Bakken minner om at dei ledige studieplassane no lyser ut i Kompetanse for kvalitet er utan økonomisk støtte frå Utdanningsdirektoratet.

Løpande opptak

– Det er løpande opptak, so her gjeld prinsippet «første mann til mølla», seier Bakken som peikar på at alle KFK-tilboda er opne for søking so nær som Spesialpedagogikk 1 1-10 KFK og Kunst og handverk 5-10 KFK som alt er fullteikna.

VIDARE med Høgskulen i Volda

I tillegg til vidareutdanningane i Kompetanse for kvalitet, tilbyr høgskule ei rekkje vidareutdanningar og masteremne innanfor fleire fagområde. Tilboda er organiserte som nettstudium på deltid eller som deltidsstudium med samlingar.

Sjå liste over studietilboda og søk opptak her.

Del på: