Lærarstudentane lagar internasjonal konferanse

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Deltakarar frå fem europeiske land kjem til Volda når lærarstudentane set digitalisering i utdanning og framtidas klasserom på dagsorden under studentkonferansen It`s Volda.

It`s Volda vert arrangert for første gong 10. – 12. april. Eit tiltak der fem lærarstudentar og fire tilsette ved Høgskulen i Volda, som utgjer arbeidsgruppa, ber inn lærarstudentar frå samarbeidsuniversitet i Europa. Og responsen har ikkje lat venta på seg, om to veker kjem 25 studentar og faglærarar frå Nord-Irland, Nederland, Sveits, Danmark og Finland.

Skal fenge

Programmet har også et internasjonalt snitt – med utanlandske foredragshaldarar og eit tema som omhandlar heile verda; korleis skal læring i skulen gå føre seg i framtida og med kva metodar og hjelpemiddel kan ein ta i bruk i ein digital kvardag.

– Nokre av foredraga under konferansen vil og prøve å få fram det kritiske perspektivet rundt digitalisering i skulen. Kva er fornuftig bruk av digitale hjelpemiddel, og skal vi ha digitalisering for ein kvar pris? Vi må ikkje gløyme at digitale hjelpemiddel skal brukast for å fremme læring, og ein må alltid ha det pedagogiske og kritiske perspektivet med seg i vurdering og bruk av digitale hjelpemiddel, seier studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda Oddvar Aalde 

Les meir om programmet.

– Det er eit tema som vi håpar skal fenge. Sjølv om tanken om fellesskulen til dømes står sterkare i dei nordiske landa enn i Sentral-Europa, har ikkje det noko å seie når vi skal lære om og diskutere digitalisering i skulen, seier Joakim Olsson, ein av studentane bak konferansen.

Skape internasjonale nettverk

Han var saman med fire medstudentar i nederlandske Zwolle i fjor for å lære av ein liknande konferanse. No er det grunnskulelærarutdanninga i Volda og studentane her som skal vise seg fram frå si beste side. Det inneber i tillegg til det faglege, også fadderordningar og sosialt samvær på kveldstid. Olsson oppmodar alle lærarstudentar i Volda om å melde seg på og skaffe seg unik kompetanse i eit internasjonalt miljø. Konferansen er open for alle studentar, uansett studieretning, ved Høgskulen i Volda.

– Mykje av hensikta med konferansen er å skape internasjonale nettverk for studentane og få forståing for korleis lærarutdanninga er lagt opp i andre land. På den måten kan ein ta med seg dei beste tankane frå ulike land og kulturar.

Her finn du alt du treng å vite om konferansen.

Dataspel i klasserommet?

Det er lagt opp til forelesningar med gruppearbeid etterpå, der deltakarane skal diskutere og arbeide med det dei har lært.

– Eit døme på gruppearbeid kan vere Spillbasert læring, korleis kan ein bruke dataspelet Minecraft i undervisning til barn og unge? Alt er knytt opp mot temaet i konferansen, fortel Oddvar Aalde.

Han har vore med på planlegginga saman med studentane. – Vi er godt nøgde med arbeidet deira i planlegginga av konferansen. Det er tydeleg at dei brenn for dette.

Utveksling

Aalde røper at eit diplom vankar for deltakarane etter å ha delteke – noko som kan pynte opp CV-en. Han håper også denne opplevinga kan vere med på å freiste lærarstudentane til å reise på utveksling.

– Vi har eit ønske om at fleire av våre studentar skal reise ut i framtida. Alle har ikkje anledning til det, og då er denne konferansen eit godt tilskot få internasjonale perspektiv inn i lærarutdanninga.

Høgskulen i Volda søkte om pengar til konferansen frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (DIKU) og fekk tilslag. No håper ein at dette vert ein årleg konferanse.

Del på