Ledige vidareutdanningar for lærarar

Tekst: Per Straume , Foto: Marius Beck Dahle

- Oppdatert

Høgskulen i Volda legg no ut ledige plassar utan støtte frå UDIR i strategien Kompetanse for kvalitet (KfK). Høgskulen har frå hausten 2019 ledige plassar på 11 av tilboda – det er fyrstemann til mølla fram til kursa er fullteikna.

Særleg spesialpedagogikk og programmering har hatt stor pågang slik at ein har måtta utvide kapasiteten, men nokre plassar er enno ledige. 

201 lærarar vart prioritert av arbeidsgjevar og fekk tilbod frå UDIR om å ta vidareutdanning ved Høgskulen i Volda, noko som er ei dobling frå hausten 2018. 

– Dette er vi særs nøgde med, seier Ole Frank Bakken som er ansvarleg for vidareutdanningane ved Høgskulen. Ekstra gledeleg er det at dei tre nye faga spesialpedagogikk, programmering og kunst og handverk har hatt god søking, synest Bakken.

Høgskulen lyser no ut ledige plassar på 11 av dei 14 tilboda dei har innanfor KfK og ser fram til å få mange motiverte lærarar som studentar til hausten. 

Desse KFK-studia er lagt ut for søkinga frå 28. mai:
- Engelsk 1 for 1.-7. årssteg
- Engelsk 2 for 5.-10. årssteg
- Kunst og handverk 1, 1.-10. årstrinn
- Matematikk 1 for 1.-7. årssteg
- Matematikk 1 for 5.-10. årssteg
- Matematikk 2 for 5.-10. årssteg
- Norsk 2, 1.-7. årstrinn
- Norsk 2, 8.-13. årssteg
- Programmering, 1.-7. årssteg
- Programmering, 5.-10. årssteg
- Spesialpedagogikk 1, 1.-10. årssteg
 

Du finn alle dei ledige KfK-studia samla her.

Del på