Mastergrad med heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø
Mastergraden i barnehagekunnskap set søkjelys på ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø. – Studiet vil styrke arbeidet mitt når det gjeld å leie og utvikle barnehagen som organisasjon, seier styrar Ingrid Huse i Harøy barnehage i Ålesund kommune.
Mastergraden i barnehagekunnskap set søkjelys på ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø.– Studiet vil styrke arbeidet mitt når det gjeld å leie og utvikle barnehagen som organisasjon, seier styrar Ingrid Huse i Harøy barnehage i Ålesund kommune.
I tillegg til barnehagelærarutdanninga har styrar Ingrid Huse teke fleire ulike deltidsstudium innan administrasjon og leiing, kreativ bruk av IKT i barnehagen og rettleiing. Ho har i tillegg 60 studiepoeng i psykososialt arbeid med barn og unge. Huse har vore styrar sidan 2015 og har tidlegare arbeidd både som pedagogisk leiar og assisterande styrar.
– Når eg har søkt på Mastergraden i barnehagekunnskap er det fordi det er eit mål i seg sjølv å få ein mastergrad men også få ei større breidde og djupne i den barnehagefaglege kompetansen eg alt har. Som styrar vil eg med denne utdanninga i enda større grad kunne bidra til at barnehagen kan i møte krava i Rammeplan for barnehagen, seier Huse.
Målgrupper og fagleg innhald
Målgruppa for studiet er barnehagelærarar, men også grunnskulelærarar, faglærarar med PPU med relevant fagkrets og barnevernspedagogar kan søkje om opptak.
Studiet inneheld fire emne i tillegg til vitskapsteori og metode, og masteroppgåva. Emna er Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv, Barnehagen som lærande organisasjon, Barnehagens læringsmiljø og Utforsking i barnehage og nærmiljø. Utdanninga vektlegg perspektiv både på samfunnet, profesjonen og barna. Masterstudiet kan takast på heiltid eller på deltid.
– Større krav
Ingrid Huse opplever eit stadig aukande krav til det allmennpedagogiske og ordinære tilbodet barnehagane gir.
– Det er behov for å utvikle kompetansen når det gjeld å skape gode læringsmiljø for barnegruppene og finne gode løysingar når det gjeld å møte eit større mangfald i kvardagen. Det er mange dyktige barnehagelærarar ute i barnehagane allereie, men eg trur likevel at vi kan skape betre kvalitet ved å sette fokus på profesjonalitet, system og struktur, fagkompetansen vi har, forventningar og krav til rolla, kompleksiteten i pedagogane sitt arbeid med meir, seier ho.