Nordisk nettverksmøte i København

Tekst: Per Straume

Dosent Bente Vatne frå Høgskulen i Volda møtte svenske og danske forskarar i København for å arbeide med tidleg literasitet i barnehage og barnehagelærarutdanning.

Forskarar i det nordiske nettverket om tidleg literasitet i barnehage og i barnehagelærarutdanning, gjennomførte to dagars «work-shop» i København førre veke. Nettverket er støtta av Nordplus Horizontal og er eit samarbeid mellom Universitet i Gøteborg, Københavns Professionshøjskole, Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskulen i Volda.

Målet med nettverket er å utvikle meir kunnskap om korleis fremje barns språklæring og tidleg literasitet, og å lære frå samanlikning både mellom  barnehagelærarutdanning og pedagogisk praksis i barnehagar i Danmark, Sverige og Noreg. På nettverksmøte planla forskarane ulike forskingsprosjekt om tidleg literasitet som skal gjennomførast gjennom vinteren. Dette gjeld både analyse og komparasjon av læreplanar, og ei spørjeundersøking til studentar i dei tre landa.

Del på