Ny bok frå Kyrkjefag Profil

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Er det mogleg å gjennomføre full toleranse? Kva treng elevane å lære om religionar og livssyn for å skjøne kva som går føre seg i samfunnet? Kan skulen vere heilt sekulær? Dette er nokre av dei spørsmåla boka prøver å svare på.

Bakgrunnen for boka er ei undersøking som redaktørane har gjort mellom RLE-lærarar på Sunnmøre. Dei ville vite meir om synet deira på korleis elevane kan bli danna i faget, på kontekst for læringa, på arbeidsmåtar og syn på eiga rolle.

Redaktørane for boka, Bente Afset, Kristin Hatlebrekke og Hildegunn Valen Kleive (alle ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda) knytte til seg forskarar frå andre institusjonar. Dei har levert artiklar som er i slekt med dette hovudtemaet.

BenteAfset skriv om kva slags dannings prosjekt som driv RLE-lærarar på Sunnmøre. Kristin Hatlebrekke diskuterer om undervisninga er terp eller terapi. Hildegunn Valen Kleive drøftar om det er eit pratefag. Elisbeth Haakedal skriv om songtekster og minnearbeid. Kåre Fuglseth om ei refleksiv tilnærming til læraryrket. Svenske Kerstin vom Brömsen drøftar omgrepet «religious literacy», Njål Skrunes om toleranselæring, Olav Hovdelien om utviklinga i synet på forkynning i undervisninga, Arne Redse om faget som arena for religions- og livssynsdialog, medan Ragnhild Fauske spør korleis ein skal tolke kravet om objektiv og nøytral undervisning. Som ein ser: ei bok full av aktuelle spørsmål, og ein del svar, lagt ope for drøfting.

Bente Afset, Kristin Hatlebrekke og Hildegunn Valen Kleive (red.): Kunnskap til kva? Om religion i skolen. Kyrkjefag Profil 20. Trondheim: Akademika 2013.

Del på