Nybø tok med seg gode råd frå Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø let seg imponere av lærarstudentane ved Høgskulen i Volda og lytta til innspel om internasjonalisering.

Studentane kom Nybø i forkjøpet då ministeren vitja Volda måndag. Då ho vart litt forsinka sette fem grunnskulelærarstudentar i gang med å fortelje sisteårselevane ved Volda vidaregåande skule om korleis dei opplever grunnskulelærarutdanninga og moglegheitene i yrket. Dei fortalde om eit mangfaldig yrke med gode jobbutsikter, der ein også kan få sletta noko av studielånet.

Gjere ein skilnad

Ministeren takka studentane for hjelpa med å opplyse elevane om læraryrket, før ho sjølv forsøkte å overtyde dei til å bli lærarar.

– Som lærar blir du ein veldig attraktiv arbeidstakar, behovet for lærarar vil vere stort framover. Som lærar har ein også moglegheita til å fordjupe seg i noko ein har interesse for, enten det er historie, musikk eller kroppsøving, og få lære det bort, sa Nybø før ho også la vekt på kven ein som lærar er til for:

– Ein gjer ein skilnad for barn og unge kvar dag. Å sjå at ein elev etter ei god stund knekk ein kode, må vere verdt mykje for ein lærar.

Iselin Nybø vitjar HVO_
Iselin Nybø snakka til elevar ved Volda vidaregåande skule om læraryrket.

Innspel til stortingsmelding

Etter seansen på Volda vidaregåande skule hadde Nybø sett av to timar til innspelsmøte om stortingsmeldinga om internasjonal studentmobilitet. Leiinga ved Høgskulen i Volda, tilsette som har med internasjonalisering å gjere og studentar, samt representantar frå Høgskolen i Molde var invitert. I tillegg til alle dei faglege innspela tok ministeren seg også god tid til å lytte til studenthistoriar om vellukka utanlandsopphald og opphald som ikkje har blitt noko av.

Noreg har forplikta seg til at innan 2020, så skal 20 prosent av alle studentar som fullfører ein grad, ha hatt eit studie- eller praksisopphald i utlandet. Høgskulen i Volda er godt innanfor målet med sine 25 prosent, og er med det ein av dei beste institusjonane i landet på studentutveksling. På sikt snakkar ein om at dette talet på landsbasis bør nå 50 prosent.

Mediefag med gode døme

I dag vert ikkje utveksling eller praksis i utlandet medrekna i statistikken om ikkje opphaldet er tre månader eller lengre. Ifølgje fleire av innspela frå møtedeltakarane, er det mange døme på kortare opphald for Volda-studentar som gir godt utbytte.

Journalistikkutdanninga og PR, kommunikasjon og media er to utdanningar som har lukkast godt med å sende studentar på utveksling. Dei har begge ein prosent på over 50. Instituttleiar for journalistikk, Jan Ytrehorn, hadde fleire gode råd til ministeren om stortingsmeldinga.

– I journalistikkutdanninga har vi satt av eit semester som er lagt til rette for valfrie emne. Det er viktig å lære noko anna enn «faget sitt» for å få breidde i utdanninga, og det kan ein godt gjere i utlandet. Vi har stor valfridom i fag studentane kan plukke frå, og dette gjer det enklare for dei å finne ein stad dei vil reise til, fortalde Ytrehorn.

Del på