Opptak til Kompetanse for kvalitet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

«Kompetanse for kvalitet» er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. – Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr i alt 15 studietilbod for lærarar og barnehagelærarar i dette programmet. Søknadsfristen er 1. mars, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Kompetanse for kvalitet (KFK) er ein nasjonal strategi for å vidareutdanne lærarar og skuleleiarar med tanke på nye kompetansekrav som vil gjelde frå 1. august 2025. Då må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. Ungdomsskulelærarar må ha minst 60 studiepoeng. For andre fag vert det på ungdomstrinnet kravd 30 relevante studiepoeng.

Sjå alle KFK-tilboda her.

Spesialpedagogikk populært

Spesialpedagogikk I og programmering har i dei siste åre vore dei mest populære tilboda. Spesialpedagogikk er eit prioritert område frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) si side i årets KFK-opptak noko som kan sjåast i samanheng med nasjonale satsingar som «Tett på – tidleg innsats og inkluderande fellesskap» og «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». Vi har utvida kapasiteten i spesialpedagogikk frå ein til to klassar og har no plass til totalt 70 studentar, seier seniorrådgjevar Bakken.

Staten brukar om lag 1,6 milliardar kroner årleg for å støtte vidareutdanning av lærarar og leiarar i i skulen gjennom strategien «Kompetanse for kvalitet», eit program som som skal ende i 2025. Gjennom strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage» er det sett av om lag 200 millionar kroner årleg til vidareutdanningstiltak i barnehagen. Innanfor etterutdanning (ikkje studiepoenggjevande aktivitetar) nyttar staten om lag 500 millionar kroner årleg i støtte til lokale kompetanseutviklingstiltak i både barnehage og skule gjennom tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling. Totalt nyttar styresmaktene 2,3 milliardar på kompetanse i skule og barnehage i 2022. (Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

Ønskjer å undervise på barnetrinnet

– I 2021 merka vi ei auka interesse for Norsk 1, Matematikk 1 og Engelsk 1 for 1-7 trinn. Eg er litt usikker på kva som er årsaka til dette, men mange lærarar gir uttrykk for at dei vil ha fleire fag å undervise i på barnetrinnet. Eg får også mange spørsmål frå barnehagetilsette som vil ta fag med tanke på overgang til skulen. Barnehagetilsette kan ved å ta 60 studiepoeng i norsk, engelsk eller matematikk undervise frå 1-4 klasse i skulen, seier Bakken.

Viktig aktør

Sjølv om Høgskulen i Volda er ein relativ liten institusjon i universitets- og høgskulelandskapet, so er høgskulen ein aktør å rekne med når det gjeld KFK.

– Kvart år har vi hatt litt auke i søkjarar til tilboda våre, og i 2021 tok vi opp om lag 270 studentar i denne ordninga. Om lag 190 av dei hadde økonomisk støtte frå UDIR i form av vikarordning eller stipend medan om lag 80 søkte på ledige plassar på KFK-tilboda som vert lyste ut kvart år i mai.

Gangen i opptaket

Ein søkjer gjennom UDIR sitt opptakssystem. Då er det UDIR og arbeidsgjevar som prioriterer kven som skal få plass og økonomisk støtte til vidareutdanningane. Studentane får så melding om opptak og i skrivet står også at dei då må søkje lokalt opptak på Universitet eller høgskule dei har fått tilbod frå.

Del på