Religiøse hus i London som klasserom

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentar frå lærarutdanningane fekk nye forståingar av kulturelt og religiøst mangfald etter at dei fekk oppleve samfunn med ulike religionar i London.

Barn i Noreg veks opp i eit samfunn som er prega av aukande kulturelt og religiøst mangfald. Barnehagen og skulen sitt samfunnsmandat er å støtte barna til respektere forskjellar og utvikle positive haldningar til å leve saman i ein fellesskap. Det kan gjerast gjennom å synleggjere variasjonar og likskapar i verdiar, religion og livssyn. For å oppleve dette i praksis, reiste studentar frå lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda til bydelen Redbridge nordaust i London. 

Gjennom dette lesarbrevet frå høgskulelektor Hilde Muren vil du få eit innblikk i reisefølget sitt møte med ulike religionar, eit møte som mange fortalde opna opp for nye forståingar: 

Moskeen, det var den eg eg var mest spent på. Eg hadde høyrt og lest så mykje fælt om islam og kjente at eg grudde meg. Men – eg var møtt med openheit og trygg formidling om kva dei stod for. Og overraskande mykje var likt med kristendommen som eg kjenner frå før. Dette vart ei god oppleving og eg har fått eit justert, meir nyansert bilde av kva islam er. 

Synagogen

England_tur
Opning av torarullen i synagogen.

Jødedommen er ein monoteistisk religion som har sitt utspring i Midt-Østen og reknar Abraham som sin stamfar. Sett frå kristendommen si side, er jødedommen ein forløpar for kristendommen og religionane deler historie og heilage skrifter. For eksempel eit felles utspring i Midt-Austen, at ein reknar Abraham som stamfar og vekta som blir lagt på Mosebøkene, eller Toraen som bøkene blir kalla av jødar.

Jødar har gjennom lange tider vore ei plaga folkegruppe og er svært opptatt av sikkerheit. Det fekk vi oppleve på kroppen, synagogen var omgitt av høge gjerder og kontroll. Det vart ei førstehandsoppleving som var annleis enn å lese om det. Vi vart samtidig møtt med glede over vårt ønskje om å besøkje synagogen, staden der jødar møtast til bønn og gudstenester. Her fekk vi fekk vi sjå det heilage skapet, arken, der tora’en er plassert.  Teksten er skrivne på pergament, dvs. reinsa og tørka skinn, og lagra i rullar som er pakka inn i broderte dukar utsmykka med sølv. Vi fekk ta fram to Toraruller, pakke dei ut og oppleve lesing frå rullen. 

Moskeen

Islam er den nest største religionen i Noreg, etter kristendommen, og vi har mange barn frå muslimske familiar. Sidan utdanninga skal gi barna kjennskap til og markere merkedagar, høgtider og tradisjonar i religionar og livssyn som er representert i barnegruppa, blir kunnskap om desse viktig for barnehagelærar. Kunnskap som ofte formidlast godt gjennom besøk i t.d. ein moske. Moskeen er eit samlingshus for muslimar for mellom anna rituell bønn. Golva var dekt med tjukke tepper som dempa lyden og stemninga var prega av ro. På veggane såg vi sitat frå koranen, skrive som arabisk kalligrafi, i eit ønske om å gi Guds ord den vakraste forma som er mogleg.

England-tur
I både moskeen og hindutemI både moskeen og hindutemplet måtte vi ta av skoa før vi gjekk inn.

Islam er den yngste av verdsreligionane og vart til på den arabiske halvøya ca. år 600 etter Kristus. Dei som trur på islam, omtalast som muslimar. I eit historisk perspektiv, har islam sitt utspring frå jødedom og kristendom. Som desse er islam ein  monoteistisk religion, det finnast berre ein gud, Allah på arabisk. I følgje Koranen, deira heilage bok, ga Gud sin bodskap først til profetane Abraham og Moses som formidla det vidare til jødane. Vidare at Jesus, som ærast som ein stor profet, grunnla det kristne fellesskapet. Koranen hevdar at desse profetane sin bodskap vart misforstått og forvanska av både jødar og kristne, at den rette forståinga finn ein innan islam.  Denne forståinga vart formidla av den siste og største profeten: Muhammed. 

Imamen svara på respektfullt på alle spørsmåla vi hadde, og fortalde m.a. at islam er ein religion med mange påbod. For eksempel at menn og kvinner ikkje handhelsar med kvarandre. Men, dette er innan tradisjonell islam. I møte med medmenneske som ønskjer å handhelse, er det godtatt at handhelsar tilbake. For å møte medmenneske med respekt og for ikkje å skape negativ omtale av islam. 

Hindutempelet

Studietur England
Student bergtatt av stemninga i hindutemplet

Hinduismen er Noregs fjerde største religion. Religionen anerkjenner at Gud er verksam i alle religionar, i ulike former. Tradisjonelt reknast hinduismen som ein religion med mange gudar, men ein kan også sjå dette som mange ulike representasjonar for ein Gud. Ein av desse er Muruguan og tempelet som vi besøkte var via til han. Murugan er ein krigsgud, han er son til Shiva og bror til Ganesh, guden med elefanthovud. Også tempelet er ein stad for bønn – utan faste bønnetider. Her gjekk vi i sokkelesten på marmorgolv, lufta var fylt av røykelse, bønn og velsigningar frå prestane. Fleire alter viser gudar kledd i fargerike tekstilar, smykke og blomstrar. Frukt blir ofra til guden og så samla inn av prestar for å bli gitt vidare til gjestar eller andre trengande. 

Møtte anna syn på religion

I Noreg reknast livssyn og religion som del av det private liv, som noko vi sjeldan snakkar om eller spør andre om. I London møtte vi eit anna syn. Her var religion ein viktig del av kvardagslivet, ein del av livet som ein var open om og som ein utan større problem kunne snakke saman om. Vi vart møtt med interesse og ei varm glede over å kunne dele ulike syn på liv og tru. Noko som gjer sterkt inntrykk på studentar og lærarar. Også skulen tar religion på alvor og læreplanar for religionsformidling blir utvikla lokalt, i samarbeid med leirar frå dei ulike truene. Foreldra er kjent med at alle barn skal bli kjent med kvarandre sine livssyn, får besøkje kvarandre sine gudshus og markere kvarandre sine høgtider. Variasjonar og likskapar blir synleggjort, ein plattform at respekt og positive haldningar blir etablert. For oss som kjem utanfrå, opplevast dette som inkluderande og inspirerande for eige pedagogisk arbeid. 
 

Del på