Saman om omsorg
I fire dagar har til saman 200 studentar ved barnevernspedagog-, sosionom-, førskulelærar-, og grunnskulelærarutdanninga hatt seminar om omsorg for barn.
─ Eg har fått eit heilt anna syn på samarbeidet med barnevernet, seier grunnskulelærarstudent Mari Gunhildrud. Her saman med gruppemedlemmer frå grunnskulelærarutdanninga og barnevernspedagogutdanninga.
Studentane har vore igjennom tre dagar med fellesundervisning og ein dag med tverrfagleg gruppearbeid. Dei har mellom anna vore innom strategiar for å få barn i tale og om korleis bruke denne informasjonen vidare, korleis oppdage omsorgssvikt, og relevante lovreglar. Dei har hatt besøk av mellom anna psykolog Vigdis Bunkholdt og jurist Egil Arne Standal. Studentar frå begge fagområda ser viktigheita av eit tverrfagleg samarbeid.
─ Tidlegare har oppfatninga vore at barnevernet er «den store stygge ulven», men vi har lært no at dei er mest involverte i hjelpetiltak. Vi har også lært korleis vi skal handtere ting, og korleis prosessane er, fortel grunnskulelærarstudent Natalie Thu Holm.
─ Vi ser kor viktig det er med samarbeidet med skulane, seier Beate Heggestad som er barnevernspedagogstudent.
Samarbeidet mellom utdanningane har i noverande form halde på i om lag 15 år.
─ Det er viktig at vi fortset med prosjektet, slik at dei lærer å snakke saman og samarbeide før dei kjem ut i arbeidslivet, seier høgskulelektor på Institutt for sosialfag Anne Marie Verpe.
I det tverrfaglege gruppearbeidet skulle studentane etter drøfting skrive ei bekymringsmelding ut i frå eit case. Og dei skal i etterkant skrive eit arbeidskrav.