Samarbeider tett med vidaregåande skular om framtida

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

150 leiarar i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal og tilsette frå Høgskulen i Volda samla seg for å diskutere læreplanarbeid med eit fokus på den nye læreplanen; Fagfornyinga.

Desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp) er framheva som sentral strategi for skuleutvikling og for å utvikle eit godt partnarskap mellom skuleeigar og høgskulen. Den 22. oktober var skule- og avdelingsleiinga på alle vidaregåande skulane i Møre og Romsdal fylkeskommune saman med Høgskulen i Volda samla til leiarsamling i Geiranger. Tema for dagen var læreplanarbeid med eit fokus på den nye læreplanen; Fagfornyinga. Denne planen skal takast i bruk i grunn- og vidaregåande skule frå hausten 2020. Alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal har starta eit førebuingsarbeid med den nye læreplanen. 

Samlinga er ein lekk i ein langsiktig utviklingsstrategi der  føremålet er å skape ei positiv endring i klasserommet. Tiltaka skjer i hovudsak nær eleven, men leiinga må også utvikle forståing av endringar i læreplanen og kva som kan vere gode grep i leiing av utviklingsarbeidet. 

På samlinga deltok 150 leiarar, og Høgskulen i Volda hadde i samarbeid med fylkeskommunen planlagt innhald og organisering for denne dagen.

 

Dekomp-samling arrangører
Arrangørar og foredragsholdar frå venstre: Monica Solheim, Hilde Meringdal, Siv M. Gamlem (HVO), Ann-Christin Hoel Lervik, Gry Rishaug Hansen, Kariann D. Flovikholm og Helene Loe Arntsen.


Programmet var sett opp med ein variasjon mellom faglege innlegg frå eksterne foredragshaldarar, erfaringsdeling frå eit utval av skulane og arbeidsoppgåver for vidareutvikling av profesjonsfellesskap for deltakarane. Fylkesutdanningssjef Eirik Brekken starta samlinga med velkomst og ein kort introduksjon av fag- og yrkesopplæringa i Møre og Romsdal. Advokat Geir Lippestad hadde dagens første faglege bidrag med eit innlegg om Opplæringslova, rettssikkerheit, inkludering og mangfald i skulen.

Vidare hadde Professor Siv M. Gamlem frå høgskulen ansvar for tre faglege bidrag og aktivitetar knytt til arbeid med ny overordna del i læreplanverket, profesjonsutvikling og vurdering i Fagfornyinga. Innan for kvart av desse temaa delte også nokre av skulane erfaringar frå utviklingsarbeid ved eigen skule. Samlinga hadde såleis eit variert repertoar av kunnskap- og erfaringsdeling mellom HVO, skular og Fylkeskommunen.
 

Del på