Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1 – 7 på deltid
Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) vil frå hausten 2011 samarbeide om eit tilbod om samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for stega 1 – 7. Den samlingsbaserte deltidsutdanninga på Sandane vil gå over fem år.
– Sandane er valt som studiestad, mellom anna fordi det der ligg godt til rette både når det gjeld undervisningslokale og overnattingstilbod for studentar, seier studieleiar ved lærarutdanninga i Volda, Bjørnar Sæterås..
Studieleiar Bjørnar Sæterås.
Målgruppe
Den samlingsbaserte grunnskulelærarutdanninga 1-7 er tenkt som eit tilbod til personar som gjerne vil verte lærarar, men som ikkje har høve til å ta lærarutdanning på heiltid.
– Utdanninga høver godt for personar som allereie arbeider i skulen, men som ikkje har formell lærarkompetanse. Opptakskrava til utdanninga er generell studiekompetanse, minimum 35 skulepoeng og minst karakteren 3 i matematikk og norsk, eller realkompetanse, seier Sæterås.
Kommunane si rolle
I mange kommunar er behovet for lærarar stort, og ei deltidsutdanning vil kunne vere eit godt supplement til heiltidsutdanning med tanke på å dekke noko av lærarbehovet.
– Kommunane speler ei viktig rolle når det gjeld å gjere tilbodet kjent blant personar i kommunen som kan vere interesserte i å ta ei slik utdanning. Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane ser fram til godt samarbeid med kommunane, avsluttar Bjørnar Sæterås.
Opptak til utdanninga skjer gjennom Samordna Opptak (SO), med søknadsfrist 15. april 2011.