Skreddarsydd vidareutdanning for lærarar
Mange som underviser i Mat og helse i grunnskulen har ikkje formell kompetanse i faget. – Mat og helse 1 er skreddarsydd for lærarar som ønskjer slik kompetanse, seier høgskulelektor Kari Ryslett ved Institutt for realfag.
Svært mange av dei som underviser i Mat og helse i grunnskulen har ikkje formell kompetanse i faget. – Mat og helse 1 er ei skreddarsydd vidareutdanning for lærarar som ønskjer slik kompetanse. Vi har lagt stor vekt på å organisere deltidsstudiet slik at det skal vere lett å kombinere den med jobb, seier høgskulelektor Kari Ryslett ved Institutt for realfag.
Ny læreplan
– Faget Mat og helse har som mål å fremje god helse, sosial trivsel og utjamning av sosiale skilnader. Mat og helse er både eit teoretisk og praktisk fag, og vi vil at studentane i samsvar med fagfornyinga og ny læreplan i Kunnskapsløftet skal lære å planlegge undervisning som tek vare på begge desse sidene av faget, seier høgskulelektor Kari Ryslett.
Manglar kompetanse
– Om lag 70 % av dei som underviser i faget Mat og helse i grunnskulen har ingen eller mindre enn 30 studiepoeng i faget, seier førsteamanuensis Erik Cyrus Fooladi som saman med Kari Ryslett har det faglege ansvaret for studiet.
Målgruppe
Studiet Mat og helse 1 (1-10) er først og fremst retta mot dei som vil undervise i faget Mat og helse i grunnskulen. Målgruppa for er lærarar, og opptakskravet er fullført lærarutdanning.
Skreddarsydd
– Det er eit stort behov for denne kompetansen i skulen på dette fagområdet. Signal frå den nye regjeringa tyder på at ein vil satse meir på dei praktisk-estetiske faga i skulen. Mange lærarar føler at dei ikkje har hatt høve og tid til å ta ei slik vidareutdanning i tillegg til jobb. Men no har vi skreddarsydd opplegget slik at ein treng berre å sette av fire vekedagar til to samlingar i Volda per semester. Resten skjer på nett, seier høgskulelektor Ryslett.
Samlingar og nettstudium
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Studiet er organisert med to fysiske samlingar på høgskulen per semester, praktisk arbeid i det nye og moderne kjøkkenet på høgskulen, studentpresentasjonar, nettbasert undervisning, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium.
– På samlingane vil vi konsentrere oss om praktisk matlaging. Vi har eit topp moderne kjøkken der vi skal lage mat, eksperimentere og kose oss i lag. Det teoretiske stoffet tar vi som nettstudium, seier Ryslett.
Tverrfagleg
Erik Fooladi er eigentleg utdanna kjemikar og har i mange år forska på mat og matlaging og smaks- og sanseopplevingar. Dette koplar han opp mot undervisning i skulen.
Han er oppteken av det tverrfaglege aspektet knytt til mat og matlaging og har mellom anna vore med på å skrive boka «Kjemi på kjøkkenet - om hvorfor kaka faller saman og andre kjøkkenhistorier».
– Mat er noko av det mest tverrfaglege fenomenet vi har. Med utgangspunkt i maten kan vi kople på fag som historie, naturfag, religion og livssyn, kroppsøving, samfunnsfag, matematikk og geografi. Mat er også viktig når det er snakk om berekraftig utvikling, seier han.
– Mat og helse har ein helsefremjande profil. I faget skal barn og unge bli kjende med mat, matvarer, lære å lage mat og glede seg over å sitje ved eit bord å ete i lag. Det er danning, det er oppseding og livsmeistring, seier Ryslett som også har eigen matspalte i ulike aviser og forskar på mat i barnehagen.