Spesielt studentkull: – Ville gi dei ein pangstart

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentane som no i haust starta på det femte året på grunnskulelærarutdanninga, er dei første som skal skrive mastergradoppgåve. Det får dei god støtte til, blant anna gjennom eit eige mastertorg der dyktige fagfolk delte nyttige tips og erfaringar med studentane.

Kullet på grunnskulelærarutdanninga det er snakk om, var dei første som begynte på utdanninga etter at den vart femårig. Med det ekstra året følgde mastergrad-tittelen, og da naturleg nok ei mastergradoppgåve som studentane skal skrive.

Heile vårsemesteret er sett av til å skrive oppgåva, no er studentane i gang med førebuingane til det. Kanskje eit vel så viktig arbeid for at ein skal lukkast og kome i mål. 

Til inspirasjon

I det arbeidet står emnet Vitskapsteori og forskingsmetode, i dette haustsemesteret, sentralt. Som ein del av det var det denne veka arrangert mastertorg for desse grunnskulelærarstudentane, og i tillegg nokre som går Erfaringsbasert master i undervisning og læring.

Hjalmar Eiksund er emneansvarleg og initiativtakaren bak mastertorget – som han hadde ein klar tanke bak.

– Eg tenkte: «Korleis kan vi få til ein pangstart for studentane?». No håper vi eit slikt mastertorg skal vere med på å gi dei det, smiler Eiksund breitt.

På mange ulike stands på Berte Kanutte-huset stod fagtilsette ved høgskulen som underviser og forskar knytt til dei ulike faga i lærarutdanninga. Studentane fekk i oppgåve å kome fram til gode spørsmål som dei skulle stille fagpersonane, som også har vore undervisarar for mange av dei. Målet var at studentane skulle oppleve at fagpersonane i lærarutdanninga forskar på fagområdet dei underviser i, og dermed inspirere masterstudentane i gang med eige forskingsarbeid. Neste år satsar ein også på at praksisskulane, barne – og ungdomsskular der lærarstudentane har praksis, kan stille på stand og bidra med aktuell tematikk til masteroppgåver.

Sjå alle høgskulens lærarutdanningstilbod her.

– Heilt supert

Å inspirere klarte dei tydelegvis. Berre høyr på Maria Hatlebakk som går Grunnskulelærarutdanning 1.-7. klasse og Joachim Solli som går Grunnskulelærarutdanning 5.-10. klasse.

– Det er heilt supert at vi får møte desse folka som har så mykje kunnskap om forsking, kjem det kontant frå Solli før Hatlebakk følger opp:

– Det er tydeleg at dei veit kva dei snakkar om, og det er til god hjelp for oss som er heilt i startfasen.

Sjølv om dei har hatt dei som lærarar i forskjellige fag og kjende att ein del av dei som stod stand, var Hatlebakk og Solli glad for at det var laga til ein heilt eigen møteplass mynta på arbeidet med oppgåva som ventar.

– Vi kjem tettare på dei no. I ein forelesingssal er det mange fleire samla og ikkje alltid like lett å nå fram med spørsmåla sine.
 

På tvers av fag

Ved Høgskulen i Volda har lærarstudentane moglegheit til å velje spesialpedagogikk, norsk, matematikk, samfunnsfag og engelsk som sine masterfag. Alle desse var også representert med fleire stands.

Hatlebakk har norsk som fag, og har begynt å tenke på om noko innanfor andrespråkspedagogikk kan vere aktuelt å skrive om, medan Solli har samfunnsfag som sitt fag og nemner kontroversielle tema i skulen som ein mogleg tematikk for si oppgåve. 

Dei var begge godt nøgde at dei fekk drøfte slike aktuelle tema med fagfolka.

– Å få spesifikke faglege tips er gull verdt. Men også det å snakke med dei frå andre fag, for å få innsikt i ulike tema og ikkje minst forskingsmetodar. Her kan ein lære mykje på tvers av fag. Det same kan vi gjere innanfor gruppa vi vart satt i før mastertorget, der dei fleste har ulike masterfag.

Dagen med mastertorg gjorde heilt klart godt for duoen som no ser fram til å bli dei første som skal fullføre grunnskulelærarutdanninga som ei mastergrad.

– Det kjennast litt skummelt, men satsar på at det går seg til etter kvart. Vi har fått god råd om å ta steg for steg. 

Tett program

Emneansvarleg, undervisar og ikkje minst forskar Hjalmar Eiksund veit korleis det er å vere spent – han kjende sjølv på spenninga då han planla mastertorget og opplegget rundt det.

– Eg hadde mange sommarfuglar i magen før dette. Men det ser ut til å gå bra, seier Eiksund.
 

Hjalmar Eiksund
Hjalmar Eiksund smilte godt av å sjå at mastertorget han har vore primus motor for vart ein suksess.


No gler han seg til å følgje opp masterstudentane vidare. Seinare i haust ventar eit seminar som tek for seg problemstillinga til masteroppgåvene til studentane. Dei skal også ha kurs på biblioteket om korleis det er best å innhente data. Det går slag i slag før dei med førebuingar fram til jul.

– Det var omlag 70 studentar som har delteke på mastertorget. Alle desse skal ha rettleiarar, som dei får tildelt midtvegs i haustsemesteret på grunnlag av kva dei vil skrive om. Det er ein stor organisasjon som skal til for å dette til å fungere, men eg synest vi klarer oss bra, seier Eiksund.

Fasiten får vi når det første kullet med mastergradsstudentar på grunnskulelærarutdanninga skal uteksaminerast våren 2022.

Del på