Stor interesse for spesialpedagogikk i KFK
– Eg har sakna fagleg god og solid grunnkunnskap. Kunnskap eg veit fungerer fordi det er forankra i forsking. Difor søkte eg på Spesialpedagogikk 1 i Kompetanse for kvalitet (KFK), seier lærar Ragnhild Knezevic.
– Eg har sakna fagleg god og solid grunnkunnskap. Kunnskap eg veit fungerer fordi det er forankra i forsking. Difor søkte eg på Spesialpedagogikk 1 i Kompetanse for kvalitet (KFK), seier lærar Ragnhild Knezevic.
Ragnhild Knezevic er eigentleg faglærar i forming, kunst og handverk. For nokre år tilbake vart ho spurd om ho kunne tenke seg å ha spesialundervisning også.
– Eg svara at eg sjølvsagt kunne gjere det. Men eg var eigentleg litt redd. Heldigvis opplever eg spesialundervisninga som heilt fantastisk. Ein får eit så nært og varmt forhold til elevgruppa. Eg har heile tida følt meg litt fram og prøvd mykje forskjellig for å finne ut kva som best kan hjelpe elevane mine, seier Knezevic som kjem frå Aurskog-Høland i Viken.
Spesialpedagogikk populært
– Spesialpedagogikk I og programmering har i dei siste åre vore dei mest populære tilboda. Spesialpedagogikk er eit prioritert område frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) si side i årets KFK-opptak noko som kan sjåast i samanheng med nasjonale satsingar som «Tett på – tidleg innsats og inkluderande fellesskap» og «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis». Vi har utvida kapasiteten i spesialpedagogikk frå ein til to klassar og har no plass til totalt 70 studentar, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Les om studietilboda våre i Kompetanse for kvalitet.
Pedagogisk rettleiar
– Eg valde å søkje spesialpedagogikk Kompetanse for kvalitet (KFK) for å auke kunnskapen min om spesialpedagogisk tilrettelegging i skulen. Dette er knytt direkte opp mot stillinga mi som pedagogisk rettleiar i Vanylven kommune, seier Ander Lundberg.
I arbeidet sitt driv Lundberg både med undervisning og rettleiing av lærarar og folk i administrasjonen.
– Denne kompetansen vil styrke meg fagleg på alle desse felta og auke utbytte av arbeidet mitt. Kommunen ønskjer å kome tidleg inn og vere tett på utfordringane, jamfør stortingsmeldinga om inkluderande fellesskap i barnehage, skule og SFO, seier han.
Ros
Ragnhild Knezevic roser det faglege opplegget på vidareutdanning. Det gir tryggleik å vite at det ho no arbeider med er fagleg godt forankra.
– Eg vil også kunne vere ein ressursperson på arbeidsplassen min og ein rådgjevar for de andre lærarane, seier ho.
Ander Lundberg synest også det faglege opplegget er godt.
– Ein set fagfeltet inn i ulike problemstillingar sett frå ulike perspektiv i skule og barnehage, frå dei overordna linjene til det som skjer i klasseromet. Pensum er ei god blanding av solid forsking og nyare litteratur med oppdaterte funn og perspektiv.
Organisering
Det å ta vidareutdanning medan ein er i full jobb, er krevjande. Måten undervisninga er organisert på betyr mykje.
– Slik denne vidareutdanninga er organisert passar meg veldig bra. Det er samlingsbasert med tre samlingar i Volda per semester. Mellom samlingane arbeider vi heime. Eg har fått vikar så eg har to studiedagar i veka, uansett om eg skal på samling i Volda eller ikkje, seier Ragnhild Knezevic.
– Opplegget med KFK og vikarordningane er god. Det å bli frikjøpt frå ordinær undervisning gjer at ein kan studere med best moglege føresetnader. Samlingane har eit tett program med mykje stoff, men førelesarane tek seg tid til diskusjonar, noko som eg trur alle set pris på, avsluttar Anders Lundberg.