Urban Dahllöf, 1928-2014

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Han var i lag med Ulf Lundgren hovudarkitekt bak den såkalla Rammefaktor-teorien, som fekk stor innverknad både i og utanfor Sverige for å studere prosessar i klasserom og skule i lys av statleg styring.

db1d9de683d81391967d4a6034c0adce

Urban Dahllöf.

Urban Dahllöf vart i 1990-åra også ein svært viktig fagperson og kollega for mange ved Høgskulen i Volda og Møreforsking. Han vart først engasjert i 1991 av dåverande Universitetet i Trondheim for å rettleie doktorgrads-stipendiatar i eit nyoppretta doktorgradsprosjekt mellom universitetet og Volda-miljøet. Han vart dermed ein hyppig gjest i Volda frå hausten 1991 for å rettleie sine kandidatar. Hans store faglege ressursar og hans inspirerande og inviterande veremåte førte til at han etter kvart fekk eit stort fagleg nettverk i høgskulemiljøet her. Han vart svært glad i Volda, og vart etter kvart også tilsett som professor II her, ei stilling han sat i fram mot slutten av 90-talet.

Urban leverte ein stor og viktig innsats for den faglege utviklinga av høgskulemiljøet i Volda. Kollegaer her gav på 70-årsdagen hans i 1998 ut boka «I lærande fellesskap» inspirert av hans faglege innsats. Fred over minnet!

80e08f1d477b3c60fc1619c5e99bf4ac

Kåre Heggen

Del på