Utveksla erfaringar med nordiske kollegaer

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Gjennom ei samling i Nordplus-nettverk for lærarutdanning fekk representantane frå Høgskulen i Volda, Kari Leikanger Buset og Kjersti Markegård, nyttige innspel for å utvikle lærarutdanninga, men også sjå at ein i Sverige har kopiert ein Volda-suksess. 

Eitt av fleire internasjonale nettverk Høgskulen i Volda har hatt gjennom fleire år, er Nordplus-nettverk for lærarutdanning der Høgskulen i Volda (HVO) deltek i lag med Linnéuniversitetet i Sverige, Professionhøjskolen Absalon i Danmark og Åbo Akademi University i Finland.

Nordplus-samarbeidet har ei viktig rolle i å bidra til utveksling for studentar og tilsette, og i dette systemet er det mogleg å søke om midlar til utveksling. Nettverket deler også kunnskap og erfaringar om lærarutdanninga i dei fire landa. 

Ser til Volda for skuleovertaking

Denne veka var høgskulelektor ved HVO Kari Leikanger Buset og Kjersti Markegård, rådgjevar ved grunnskulelærarutdanninga ved HVO, på nettverksmøte på Professionshøjskolen Absalon i Danmark, og kunnskap om praksissamarbeid, partnarskapssamarbeid og arbeidet med lokal kompetanseutvikling var blant tankane som blei presenterte frå HVO. Det vart utveksla erfaringar frå praksis, studiemodellar og vurdering i praksis ved dei ulike institusjonane. 

– Spesielt interessant var det å drøfte korleis Høgskulen i Volda sine erfaringar frå skuleovertaking i lærarutdanninga, har inspirert til ei liknande ordning i praksis i Kalmar og Växjö, fortel Buset og Markegård. 

Skuleovertakinga inneber at grunnskulelærarstudentar tek over ein barneskule i til dømes ei veke, dei eigentlege lærarane reiser vekk, og studentane får alle rollene på skulen som rektor, inspektør og lærarar.
 

Nordplus-nettverk


Volda vertskap i 2022

Deltakarane på nettverksmøtet fekk også innsikt i utvikling av ny plan for lærarutdanning i Danmark, samt omvising på Klostermarkskolen i Roskilde.

– Vi ser fram til neste nettverksmøte hausten 2022, då det er Høgskulen i Volda som er vertskap for samlinga, seier Buset og Markegård.
 

Del på