– Viktig å vere med der utvikling skjer

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ved å vere ein del av det nye Skaparhuset i Ulsteinvik ønsker Høgskulen i Volda å kome enda tettare på næringslivet og skulesektoren. No får ein kickstarta det med ein nettverkskonferanse for lærarutdanning og skule 12.-15. oktober.

Kva passar ikkje betre enn at nettverkskonferansen har det overordna temaet temaet «digital skaparkraft» skal opne og avsluttast i det nye Skaparhuset. Konferansen er for PfDK-nettverket (rammeverk for lærarane si profesjonsfaglege digitale kompetanse) og går over firedagar – alt vil gå føre seg digitalt som eit webinar.

Desse dagane vil du både kunne sjå ei rekkje spennande filma innlegg og følgje direktesendte praktiske webinar kl. 14.30-15.45.

Tema for dei ulike dagane:

  • 12.okt: Digital skaparkraft – med webinar frå Skaparhuset i Ulsteinvik med lærarar frå teknologiskulen Ulstein og Ulstein vgs – Meld deg på her
  • 13.okt: Digital undervising med film – med webinar frå Høgskulen i Volda (HVO) om korleis bruke film i digital undervising – Meld deg på her
  • 14.okt: Programmering i Fagfornyinga – med webinar frå Læringsverkstaden, HVO og TEKPROG-prosjektet i musikk, matematikk, naturfag og kunst og handverk – Meld deg på her
  • 15.okt: Makerspace/Skaparverkstad og framtidsklasserom – med webinar frå Skaparverkstaden, K&H, HVO om bruk av skaparverkstad i undervising – Meld deg på her

Meir om konferansen kan du også lese her.

Opning av Skaparhuset

Då Skaparhuset nyleg opna var Høgskulen i Volda (HVO) ein av fleire partnarar som kunne glede seg over eit topp moderne hus som skal vere med på å stake ut kursen for framtida. Som kunnskapsutviklar- og formidlar fann HVO det naturleg å vere ein partnar i Skaparhuset, saman med næringslivsaktørar i og rundt Ulsteinvik og Ulstein kommune.

Næringslivet er rett nok viktig for det nye huset i sentrum av Ulsteinvik, men mottoet deira dreg inn ein dimensjon til: «ein arena for læringslivet». Skaparhuset ønsker å vere ein stad for å skape, lære og dele. Dei skal møte næringslivet, skulane og kommunane sitt utviklingsbehov og legge til rette for at desse skal kunne finne løysingar i lag.

Unik praksisplass

Huset byr mellom anna på teknologisk utstyr som robotar, 3D-skrivarar og anna teknisk utstyr for å skape noko nytt. Elevar frå barneskulen og opp til vidaregåande i Ulstein vil nyte godt av dette og ha undervisning i huset.

Synnøve Amdam
Høgskulelektor Synnøve Amdam, her i Skaparhuset.

– Skuleverket vil få ein ny arena for skapande digital læring og for å gjere undervisinga konkret og arbeidslivsretta i samarbeid med næringslivet. Samstundes er det også ein stad for å tenke i lag og utvikle nye digitale løysingar og ressursar på tvers av sektorar, seier høgskulelektor Synnøve Amdam.

Ho er prosjektleiar for DigiGLU og har leia utviklinga av Ulstein-modellen digital kompetanse i læring-miljøet ved HVO, og ser korleis også framtidige lærarar vil ha nytte av dette.

– Det vil bli ein suveren praksisarena for lærarstudentane våre. At dei får praktisere som lærarar i eit slikt miljø vil vere eit fortrinn for dei i høve nye læreplanar. Det vil også vere ein stad for andre studentar å drive utforsking – spesielt av digitale løysingar og ressursar, også i kulturfag, mediefag og samfunnsfag. Bruk av VR (virtuell røyndom, jou.anm.) og sensorteknologi kan til dømes vere aktuelt, meiner Amdam.

Tett samarbeid

Det er nødvendigvis ikkje berre studentane frå HVO som treng å nyte godt av Skaparhuset. Amdam ser også for seg at kurs og konferansar kan bli knytt opp mot det nye lokalet. Men også når høgskulen skal utvikle noko nytt.

– Prosesslæring er noko som vil stå sentralt i Skaparhuset. Om høgskulen skal utvikle noko nytt – lat oss for eksempel seie eit studietilbod. Da kan ein få innspel og sparring til korleis prosessen fram til det endelege resultatet kan gjerast på best mogleg vis. Det finst mange inngangar på kva ein kan bruke Skaparhuset til og det vil nok berre utvikle seg med tida. Lokala kan vere med på å bidra til utvikling og kreative prosessar. Dei skal innby til det, meiner Amdam, som heilt klart ser nytta av å vere ein del av miljøet i det nyskapande huset:

– Dette er viktig for høgskulen på fleire vis. Vi får nærkontakt med det som skjer i skule og næringsliv – og ikkje minst koplinga mellom dei. Vi ser også at utvikling av velferdsteknologi, som smarte løysingar i helsesektoren til dømes, kan vere noko å kople seg på for helse- og sosialfag-miljøet vårt.

Utvikling av suksessfullt samarbeid

Digital kompetanse i læring-miljøet ved HVO har gjennom dei siste åra vidareutdanna lærarane på barne- og ungdomstrinnet i Ulstein kommune. Samarbeidet rundt Skaparhuset blir enda ei ny grein til samarbeidet som har blitt nasjonalt kjend og sett til når kommunar skal vidareutdanne lærarane si digitale kompetanse.

Desse står bak Skaparhuset: Høgskulen i Volda, Mafoss, NCE iKuben, ProtoMore kunnskapspark, Sparebanken Møre, Ulstein Næringsforum, Ulstein kommune, Ulstein vidaregåande skule og ÅKP. Prosjektet er økonomisk støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Sparebanken Møre.
 

Tags

Del på