– Viser at høgskulen satsar på digital kompetanse

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Den rykande ferske Læringsverkstaden er eit nytt tiltak frå Høgskulen i Volda for å vere langt framme med rett bruk av digitale ressursar ute i skulen.

Fredag 13. september tok dei første grunnskulelærarstudentane i bruk Læringsverkstaden, som er plassert i første etasje i biblioteket ved høgskulen. Der finn ein digitale ressursar som til dømes robotar, 3D-skrivar og skjermar av mange ulike slag. Dette mynta på studentar, i hovudsak grunnskulelærarstudentar, som skal undervise i skulen. I tillegg er også Læringsverkstaden ein nettportal med læringsressursar og tilbyr kurs til tilsette ved høgskulen.

Kritisk bruk

Høgskulelektor Synnøve Amdam er prosjektleiar for DigiGLU – som har som mål å vidareutvikle den profesjonsfaglege digitale kompetansen til både lærarstudentar, tilsette i lærarutdanninga og i praksisfeltet. Ho har også gått i bresjen for Læringsverkstaden, som er eitt av tiltaka under DigiGLU-paraplyen.

– Enkelt sagt skal Læringsverkstaden vere med på å gi lærarstudentar og tilsette ved høgskulen trening i og kunnskap om kva digitale ressursar dei skal bruke i undervisninga i skulen, og når det er lurt å bruke og ikkje bruke dei ulike ressursane, forklarar Amdam.

Uformelt

Læringsverkstaden i biblioteket er no open tysdag-torsdag kl. 12-16 og er bemanna av studentvakter.

– Vi ønsker at dette skal vere ein plass der studentar og tilsette skal kome og teste ut digitale ressursar, øve seg og også få hjelp om ein har behov for det. Samstundes vil vi at det skal vere ein møtestad der folk kan ta ein kaffikopp og slå ev ein prat, seier Amdam.

Joakim Olsson er ei av studentvaktene som arbeider i Læringsverkstaden. Han fullførte grunnskulelærarutdanninga i vår og tek no mastergraden Undervisning og læring, spesialisering i matematikk. – Eg håper dette blir ein uformell stad som både studentar og tilsette vil ha god nytte av, seier Olsson.

Torbjørn Frantsen
Høgskulelektor Torbjørn Frantsen i dialog med grunnskulelærartsudentar, som var dei første som fekk teste ut Læringsverkstaden.

Tydeleg satsing

Gjennom praksis i grunnskulelærarutdanninga har Olsson sjølv erfart kor viktig det er å ha rett kunnskap om digitale ressursar i undervisninga. Han er sjølv svært interessert og opptatt av tematikken, og korleis undervisninga skal gå føre seg i det framtidige klasserommet. Difor set også masterstudenten pris på at Høgskulen i Volda er offensive i satsinga rundt denne kompetansebygginga.

– Det er veldig bra at høgskulen er så tydelege og verkeleg vil satse på profesjonsfagleg digital kompetanse. Når også dei tilsette ved høgskulen, som igjen skal lære bort dette til studentane, får opplæring gjennom Læringsverkstaden, vert det ei heilskapleg satsing. Det er viktig at ein gjer det ordentleg, når ein først gjer det – det likar eg at høgskulen viser no.

Vil lære av HVO

Amdam fortel at DigiGLU-miljøet i Volda har fått ros frå Utdanningsdirektoratet for måten dei implementerer profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanninga på, og korleis dei arbeider for å heve kompetansen til dei tilsette på feltet. Då er det kanskje heller ikkje tilfeldig at prosjektleiaren stadig får spørsmål frå andre høgskular og universitet om korleis ein løyser dette i Volda.

Det er fleire som vil kopiere oss – noko som er moro. Men vi må heile tida vere i utvikling for å forsøke å ligge i tet på dette feltet. Det vil vere eit fortrinn for lærarstudentane våre.

Synnøve Amdam

Teste og øve

Gjennom fem år i grunnskulelærarutdanninga skal studentane ha 100 timar med profesjonsfagleg digital kompetanse. Det inneber blant anna fagdagar og modular der Læringsverkstaden vil vere sentral. Amdam er svært opptatt av at studentane skal bere godt skodde når dei kjem ut i arbeidslivet.

– Dei må vite når det er hensiktsmessig å bruke eit nettbrett i klasserommet og ikkje, eller korleis ein kan utnytte at ein tredjeklassing er god i dataspelet Minecraft, seier Amdam og held fram:

Synnøve Amdam
Høgskulelektor Synnøve Amdam har lagt ned mykje arbeid for å få Læringsverkstaden best mogleg.

– Dette er likt for både studentane og våre tilsette som skal utdanne studentane. Den beste måten på å meistre dette godt kjem gjennom øving. Då må ein vere litt nysgjerrig og tore å ta i bruk og teste ting. Det får ein sjansen til ved å ta ein tur innom Læringsverkstaden. Det er litt som med lærekøyring – nokon har behov for fleire køyretimar enn andre. Det er litt difor L-en frå lærekøyring med bil også er ein viktig del av logoen til Læringsverkstaden, fortel ho.

Kursstart veke 39

Frå veke 39 startar dei første kursa for tilsette gjennom Læringsverkstaden opp. For kvar veke vil ein sette i gang eit nytt kurs. Dette er digitale kurs som tek om lag to timar å arbeide seg gjennom på nett. Ein kan kome innom Læringsverkstaden og få hjelp til desse i opningstidene. I tillegg vert kursa heldt fysisk i Læringsverkstaden av tilsette tysdag og torsdag kl. 14.15 – 16.00.

Fullførar ein ti av desse kursa kan dei gå inn som ein del av universitets- og høgskulepedagogikkursa Digital didaktikk i mitt fag og mine emne og Profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarutdannarar, som begge tel fem studiepoeng.

Del på