Voldaforskarar med rapport om tilpassa opplæring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Bakgrunnen for oppdraget er Kunnskapsløftet, ei utdanningsreform i grunnopplæringa som startar no i år.

I Kunnskapsløftet er tilpassa opplæring eit av dei mest sentrale elementa, og resultata frå gjennomgangen i rapporten skal nyttast i planlegginga og gjennomføringa av evalueringa av tilpassa opplæring i Kunnskapsløftet.

I Kunnskapsløftet finn forskarane i Volda tydelege døme på ei dreiing mot omsynet til den enkelte elev, og at omsynet til fellesskapen i skulen er dempa ned. Det meir vert opp til den enkelte elev å gjere seg nytte av tiltak i skulen, under overskrifta tilpassa opplæring.
tilpassa

Tilpassa opplæring på alle typar undervisning
Bachmann og Haug er kritiske til at tilpassa opplæring nødvendigvis skal utformast som individuelle oppgåver for kvar enkelt elev, og skriv mellom anna at tilpassa opplæring er eit prinsipp som kan nyttast innanfor alle typar undervisning og i alle fag Tilpassa opplæring er inga bestemt metode eller måte å arbeide på skulen.

- Tilpassa opplæring er ikkje noko som berre gjeld bestemte undervisnings- eller organiseringsformer, meinar dei. Likevel har mykje av forskinga nettopp studert fenomenet ut frå bestemte måtar å arbeide på. Det har ført til at forskingsresultata ikkje gjev så stor innsikt i korkje omfanget av tilpassa opplæring, eller av korleis tilpassa opplæring går føre seg i skulen.

Politisk dreiing mot individuelle resultat
- Verken undervisningsprosessen eller fellesskapet har nokon stor plass i den nye reforma, slik vi tolkar formuleringane. Der skal lærarar og elevar kunne gjere eigne val ut i frå personlege interesser. Den kollektive handlinga og identiteten er tona ned til fordel for det individuelle, og kollektive prosessar vert tona ned til fordel for dei individuelle resultata.


- Slik har interessa for individuell tilpassing vorte ein del av ei ny ideologisk orientering i norsk utdanningspolitikk, og som bryt med dei sterke føringane som har vore tidlegare om at ein skal arbeide ut frå fellesskapen mellom elevane. Tilpassa opplæring er meir enn berre praktiske tiltak som skal løyse utfordringar om kvalitet i grunnopplæringa, hevdar forskarane.

Forsking på læraren si forståing og bruk av tilpassa opplæring
- Det er vanskeleg å sjå på tilpassing som individuell strategi utan ei felles heilskapstenking, skriv Bachmann og Haug i forskingsrapporten.

- Ein må starte å sjå på kva grunnlag lærarane i skulen forstår og praktiserer omgrepet tilpassa opplæring, oppfordrar Bachmann og Haug, og peikar på behovet for forsking på undervisning som fellesskapsarena, der tilpassing ikkje berre knyter seg til individualisering, men også vert sett i forhold til eit perspektiv på fellesskapsundervisning med tilpassing som individuelle tiltak.

________________________________________________________________________

Førsteamanuensis Kari Elisabeth Bachmann og professor Peder Haug er tilsette ved Seksjon for pedagogikk ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

Les debattinnlegget av Mona Røsseland
Høgoppløyseleg bilete av Bachmann (jpg)

Høgoppløyseleg bilete av Haug (jpg)

Del på