Endeleg jubileumsfeiring og Dokfilm i Volda! 

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda ønskar studentar og tidlegare studentar velkomne til å feire 50-årsjubileum for medielinjene og Dokfilmfestivalen mot slutten av april. Dokfilm startar onsdag 20. april, medan jubileet brakar laust fredag 22. april. Så om ein har kjent på litt Volda-sakn, så er dette den perfekte veka å ta turen på.

– Alle er hjarteleg velkommen til Volda den helga (veka). Eit halvt år for seint, men det må vi ta når det har vore sann som det har vore med korona. No vil vi ikkje utsette jubileumsfeiringa av medielinjene våre lenger. Det har vert utsett to gongar allereie, men no må vi få det til, seier Kate Kartveit, dekan ved Avdeling for Mediefag (AMF).

Ytringsfridom og foredragshaldarar

På jubileumsprogrammet er temaet ytringsfridom. På fredagen i det store auditoriet ved Berte Kanutte-huset, vil Anine Kierulf snakke om ytrings- og informasjonsfriheita og korleis den best kan bli ivaretatt på nett. Kierulf har tidlegare vore rådgivar i ytringsfridomsspørsmål for Europarådet. Og akkurat no er ho spesialrådgivar i Norges institusjon for menneskerettigheiter.

Kate Kartveit
Kate Kartveit ynskjer alle velkomne til feiring i Volda. Foto: Britt Rekkedal

Andre som skal halde foredrag er Kjersti Løken Stavrum. Stavrum er styreleiar i skribent- og ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN. Tittelen for foredraget hennar er: Alle klagar på sosiale medium, men kva kan vi gjere med det? 

Vidare vil avisteiknar Roar Hagen halde eit foredrag om: Ytringsfridom og demokrati. Kvifor treng vi satire i pressa? Hagen har vore avisteiknar for VG i meir enn 30 år og er kåra til årets avisteiknar fleire gongar. 

Paneldebatt om ytringsfridom og SoME

Mot slutten av programmet for dagen vil det bli heldt paneldebatt om ytringsfridom og kva utviklinga på nettet og i sosiale medium for medieutdanningane, for studentar og tilsette? Deltakarane her vil vere dei tidlegare føredragshaldarane og representantar frå fagmiljøet på AMF. 

Mimredag og omvising i det nye mediebygget

På laurdagen vil fleire tidlegare studentar halde innlegg, vise litt filmar og dele litt minner. Det vil også bli omvising av det flotte Sivert Aarflot-huset, som er det nye mediebygget til Høgskulen i Volda. Om kvelden er det duka for fest på Porse med BokkeReidars Blues Band.

– Dette vil vere opent for alle, seier Kartveit. 

22-23 april: Påmelding Media 50 år 

Dokfilm 2022

Det vart verken arrangert Dokfilm i 2020 eller i 2021, men no vert det endeleg! Det vert konsert, quiz, komikveld, foredrag frå ein munk, laurdagsfest med DJ Kungfu og mykje anna gøy! På programmet vil det visast fleire sterke dokumentarar som omhandlar blant anna natur, kultur, kjensleliv og familie. For meir informasjon om program så kan ein lese meir om det her.

20-24 april: Kjøp billett til Dokfilm 2022

Del på