Media 50 år – glimt frå arkivet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Eit særtrekk ved medieutdanningane i Volda er den tette koplinga mellom teori og praksis. Øvingsmedia som Næravisa, Nærsynet, nærnett.no og Radio Volda gir studentane god praktisk erfaring med innhaldsproduksjon. Nærsynet hadde i si første direktesending hausten 1984 i samband med opninga av Hans Strøm-huset.

Medieutdanningane i Volda er 50 år. Sidan Møre og Romsdal distriktshøgskule tok i mot sine første mediestudentar i 1971, har medieutdanningane i Volda vakse og utvikla seg til å bli mellom dei største i landet og ei viktig merkevare for Høgskulen i Volda.

Media 50Ingen annan høgare utdanningsinstitusjon i Norge har utdanna så mange profesjonelle mediefolk i eit så breitt spekter som Høgskulen i Volda. Medieutdanningane i Volda er framleis i front som den største og breiaste medieutdanninga i landet.

30. september vil jubileet bli markert med eit eige seminar i Volda. Før det vil vi publisere glimt frå arkivet, videoar og intervju med noverande og tidlegare studentar.

Det starta i Volda. Høyr podcastar med tidlegare mediestudentar her!

Hans Strøm-huset, konsesjon og første direktesending

I Ivar Aasen-huset som stor ferdig i 1972, var der eit studio som kunne brukast til både radio og fjernsyn. «Nærradioen» på distriktshøgskulen (DH) kom på lufta i 1973 som landet første nærradio.

«Næravisa» var opphaveleg gitt ut sporadisk som stensilert studentavis med eit namn som spela på omgrepet «nærradio». Først ut i 80-åra Næravisa tok til å opptre som ei aktuell og nyheitsprega lokalavis i Volda og Ørsta.

Etter oppløysinga av NRK-monopolet, fekk Møre og Romsdal distriktshøgskule i 1984 konsesjon til å drive lokal-tv. Den første direktesente sendinga frå «Nærsynet» var leia av Per Olav Hernes og omhandla i si heilheit den offisielle opninga av Hans Strøm-huset i haustsemesteret 1984. I sendinga vert det sagt at dette var første gongen nokon utanom NRK kringkasta levande bilde med eigen sendar.

I Strøm-huset fekk alle dei tre journalistiske spesialiseringane - avis, radio og fjernsyn -  eigne, faste redaksjonslokale. Frå om lag same tida gjenoppstod den gamle «nærradioen» som «Radio Volda».

Her kan høyre på Radio Volda, sjå Nærsynet og lese ferske nyheiter på Nærnett.

Nærsynet si første direktesending.

Nytt mediebygg: Sivert Aarflot-huset

I 2021 får Høgskulen i Volda splitter nytt mediebygg, tilpassa ei medieutdanning for framtida. Bygget skal huse alle mediefaglege utdanningar, 500 mediestudentar og femti tilsette. Her kan du lese siste nytt i arbeidet med å sette opp bygget, samt finne fakta, bilete, teikningar og kontaktinformasjon. 

Del på