Videokunst i det nye mediehuset

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda, Sivert Aarflot-huset, blir offisielt opna tysdag 26. oktober. På programmet står mellom anna avduking av Sven Påhlssons videoanimasjon  «Levelling II» som skal visast på ein 2 x 3 meter stor LED-skjerm i medietorget, husets sentrale samlingsstad.

Sven Påhlsson (f. 1965) er ein norsk kunstnar som er kjend frå fleire nasjonale og internasjonale utstillingar. Påhlsson har fleire kjente verk, og han har sidan byrjinga av 90-tallet hovudsakleg arbeidd i det kunstnariske feltet videokunst og animasjon.

Sven Påhlsson fortel at naturen, havet og medieutdanningane som Høgskulen i Volda er så kjend for, representerer viktige premissar for denne permanente installasjonen i hjartet av det nye mediebygget i Volda. I kunstverket skaper Påhlsson ei kopling til fjordlandskapet utanfor, eit vindauge inn til eit virtuelt landskap under vatn. 

Medietorget
Sven Påhlssons videoanimasjon  «Levelling II» skal visast på ein 2 x 3 meter stor LED-skjerm i medietorget, det nye mediehusets sentrale samlingsstad. Skjermen er til høgre i biletet.

– Natur er for meg viktig. Sivert Aarflot-huset har fått store vindauge som gir godt utsyn til både til fjella og sjøen. Eg har jobba mykje med vatn som element og havet, som vi på mange måtar tar for gjeve, kan på mange måtar symbolisere utfordringar som verda no står overfor med tanke på klimaendringar og forureining, seier Påhlsson.

Levelling II b
Utgangspunktet er sekvensar av uroleg og stormfullt hav i ekstrem slow-motion.

Utgangspunktet er sekvensar av uroleg og stormfullt hav i ekstrem slow-motion. Sekvensane vert vidare behandla og manipulerte på ein måte som endrar vatnets karakter på ein fundamental måte. Valdsame og aggressive bølger blir transformerte til rolege rørsler som bryt med vår vante oppleving av tid. Verket står fram som ein langsam, kontemplativ film. Men alt er ikkje like behageleg og vakkert. Luftbobler blir til smelta sølvklumpar, og vatnet blir tidvis tjukt og ureina. Partiklar, tang og søppel flyt forbi.

Offisiell opning

S AaHøgskulen i Volda og Statsbygg inviterer til nøkkelseremoni og offisiell opning av det nye Sivert Aarflot-huset tysdag 26. oktober. Det vert program for inviterte gjestar frå klokka 11.00-13.30. Statsbygg vil formelt overrekke huset til rektor Johann Roppen og dekan Kate Kartveit ved Avdeling for mediefag nøklane til det nye huset. Det vert også framsyning av den offentlege kunsten ved KORO og omvising i lokala. Arrangementet er ope for pressa.

Les meir om Sivert Aarflot-huset.

– Sollyset som trengjer ned i vatnet gir håp. Ikkje alt er negativt og dystopisk. Eg vonar lyset og dei rolege rørslene vil gje publikum ei positiv oppleving.

Slike reflekterar «Levelling II» både den faglege konteksten inne i Sivert Aarflot-huset og landskapet og havet utanfor. Som KORO (Kunst i offentlege rom) skriv i sin omtale av verket: «Verket minner oss om havet som livsbetingelse, dets utbredelse på kloden, klimaendringene, konsekvenser av oljeboring og fiskeindustri, som dumpeplass for plast og annet søppel. Men det er også håp i verket. Vannet roer seg etter stormen og sollyset bryter vannflaten, filmet fra langt nede i dypet.»

 

   









 

Del på