Ny gangveg mellom husa på høgskulen

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Byggearbeidet på høgskuleområdet gjer at dei som vil ta seg mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset må gå på nye stiar nokre veker i sommar. Det vert også alternativ tilkomst for transport og øvrig trafikk i denne perioden. 

Det er full aktivitet på høgskuleområdet, sjølv om det går mot sommarferie for både studentar og tilsette. Nytt mediehus og Volda Campus Arena (VCA) tek form, og ruvar stadig meir i terrenget. No skal begge entreprenørar i gang med arbeid som gjer at både gåande og dei som tek seg fram med hjulbaserte doningar må gjere det på nye vegar om dei vil krysse området den komande månaden. 
 


Brua på vegen mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset vert stengt frå veke 25 og om lag fire veker framover. Det vert lagt opp til ny gangveg over «plenen» utanfor Synnøve Riste-huset til Nytun-vegen, kor det går ein sti tilbake på høgskuleområdet ved Paviljongen som ligg ved sidan av Hans Strøm-huset. 

I dei komande vekene vil det heller ikkje vere mogleg å parkere nord for Hans Strøm-huset, men dette gjeld berre nokre få parkeringsplassar. Entreprenørane oppmoder gåande og køyrande om å følgje skilt og oppmerking. Hovuddøra til Hans Strøm-huset er også stengt fram til studiestart, men her er det mogleg å nytte kjellarinngangen. 


Sjå elles byggemeldingar og meir informasjon på samlesida vår for nytt mediehus.


PS! Også bussen køyrer alternative vegar i desse dagar. Fram melder om at Kårstadvegen er stengd grunna gravearbeid frå 16. juni. Dette fører til at haldeplassane Ottamarka, Engesetvegen og Volda vgs ikkje kan nyttast på enkelte avgangar. Fram oppmodar reisande om å sjekke reiseplanleggjar eller Fram-appen den komande månaden. 

Del på