Byggestart 18/11: Ny innkøyring og parkering ved HVO

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: PEAB K. Nordang

- Oppdatert

Frå måndag 18/11 vert det ny innkøyring og alternative parkeringsplassar for dei som skal vitje Høgskulen i Volda. Første spadetak i jorda der nytt mediehus skal kome nærmer seg! 

Førebuingane til byggestart av nytt mediehus er godt i gang ved Høgskulen i Volda. Entreprenør PEAB K. Nordang har gjort klar mellombels parkeringsplass og jobbar med ny gangakse og miljøgate til Berte Kanutte-huset frå Ivar Aasen- og Hans Strøm-huset. Denne veka kjem byggegjerder opp, og torsdag 14/11 vert det første, seremonielle spadetaket teke. 

 

Joplassvegen stenger 18/11: Ny innkøyring vert skilta

For studentar, tilsette og andre som vitjar HVO, vert det ein del nytt den komande tida. Joplassvegen stenger frå måndag 18/11, og nye parkeringsplassar på Rotevasstomta ved Ivar Aasen-tomta skal nyttast for å erstatte dei som vert utilgjengelege i byggeperioden. 

- Vi byrjer med å sette opp byggegjerder i dag, torsdag og fredag, seier Vidar Wåge Hansen, distriktssjef i PEAB K. Nordang. Han fortel at entreprenøren vil gjennomføre dette arbeidet slik at dei ikkje hindrer innkøyringa til parkeringsplass eller hindrer ferdsel for mjuke trafikantar. 

Fredag 15/11 klokka 15.30 vil innkøyringa til parkeringsplassen mellom Hans Strøm- og Berte Kanutte-huset bli stengd, og frå måndag 18/11 må ein altså nytte seg av innkøyring frå Sjukehusvegen. - Skiltet som viser veg til Høgskulen vil flyttast opp til rundkøyringa lenger oppe på E39, seier Wåge Hansen. 

 

Skilt flyttast

Første "spadetak" markerast

Offisiell byggestart er altså måndag 18/11, men allereie torsdag 14/11 "tjuvstarter" representantar frå Høgskulen i Volda. Reidulf Botn frå Avdeling for mediefag og rektor Johann Roppen inviterer til eit seremonielt spadetak ute på tomta kl. 12. Etterpå byr dei på gløgg og pepperkaker i Berte Kanutte-kantina.

- Vi gler oss til nytt mediehus og at arbeidet no endeleg starter, så det har vi lyst til å markere ilag med studentar og tilsette, seier Johann Roppen, og ønskjer alle som vil vere med på markeringa hjarteleg velkomne. 
 

Hald deg oppdatert i byggeperioden

Vi har oppretta ei eiga side for byggeprosjektet, slik at dei som ønskjer det kan halde seg oppdatert til ei kvar tid. Her finn du mellom anna byggemeldingar, siste nytt og kontaktinformasjon. 
 

Sjå også:

Mellombels parkering

Del på