Nytt mediebygg ved HVO i rute

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Korona-tiltaka har ikkje forsinka byggeprosessen på høgskuleområdet i Volda. «Verdas beste mediehus» skal vere klart til innflytting neste haust, til studiestarten 2021. 

Då Noreg vart sett meir eller mindre på pause i samband med dei strenge Korona-tiltaka som vart innført 12. mars, vart også byggearbeidet på det nye på høgskuleområdet bremsa opp. Etter første spadetak i prosjektet vart teke i november, hadde det som rektor Johann Roppen omtala som «verdas beste mediehus» byrja ta fysisk form på Joplassen mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset. No måtte aktiviteten ned. Spørsmålet var kor mykje dette ville forsinke byggeplanane. Er opning til studiestart 2021 framleis realistisk? 

Første spadetak for nytt mediebygg i november 2019

- Ja, er heldigvis svaret frå prosjektleiar i Statsbygg, Jens Kristian Hersløv. 
- Det har aldri vore full stopp i arbeidet. Vi er særs nøgde med korleis entreprenør PEAB/K. Nordang og HVO som oppdragsgjevar har løyst denne situasjonen. Entreprenøren har jobba etter gjeldande smittevernsreglar og har vore dyktige til å planlegge arbeidsstokk og omprioritere arbeidsoppgaver når det har vore naudsynt. HVO har nytta digitale verktøy på ein særs god måte, og alle spørsmål har blitt handtert fortløpande, fortel Hersøv.  

I tråd med oppmjukninga av tiltak frå regjeringa, har også arbeidet tatt seg opp på Joplassen den siste tida. 

- Alt i alt ligg vi berre nokre få dagar etter skjema etter denne perioden. Om ting framover går som planlagt, skal vi nå dei ulike fristane og måla vi har sett oss i prosjektet, seier ein nøgd Hersløv. 


Følg med på arbeidet «direkte» på www.hivolda.no/mediebygg. Her kan du sjå oppdaterte bilete frå byggeplassen kvart 15. minutt, sjå korleis huset vert når det er ferdig, lese nyheiter og finne informasjon om arbeidet. 
 

Del på