Nytt mediehus: Fem namn vidare til «finalen»

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Sjå forslaga til namn på det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda.

Tidlegare i år lyste HVO ut ei intern namnekonkurranse for å namngje det nye mediehuset, som skal stå klart i 2021. Direktør Karen Lomeland Jacobsen oppmoda alle studentar og tilsette om å sende inn sine forslag, og fortelje kvifor dette ville vere eit godt namn på det nye signaturbygget på høgskuleområdet.

Dei fem forslaga som har gått vidare er desse: 

•    Ivar Aasen-huset
•    Olga Meyer–huset
•    Sivert Aarflot-huset
•    Spegelen
•    Vinje–huset


Forslag ut på høyring 

Dei innsendte forslaga har vore handsama i to grupper av HVO-tilsette med representantar frå mellom anna Avdeling for mediefag og høgskuleleiinga. Namneforslaga som no går vidare i «finalen» vert sendt ut på høyring til alle på høgskulen, forklarar Lomeland Jacobsen. Direktøren takkar for alle som har engasjert seg, og dei mange, gode forslaga. 

Etter høyringsrunden vert det laga ei endeleg innstilling til høgskulestyret, som får i oppdrag å vedta nytt namn i september. 


Følg bygginga, finn kontaktinformasjon og materiell på samlesida for mediehuset

 


 

Del på