Nytt mediehus: Historias første digitale grunnstein

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Torsdag vart historias første digitale grunnstein "lagt ned" på tomta der det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda er under oppføring. 

Det nye huset som skal stå klart i juni har nyleg fått namnet Sivert Aarflot-huset. No har det også fått sin grunnstein – ein heilt spesiell ein.

Normalt sett er ein grunnstein i eit nytt hus ein metallboks med innhald som blir støypt ned i huset. Men for det nye huset ved Høgskulen i Volda har ein gjort ein vri – grunnsteinen er ein QR-kode som ein kan ta bilde for så å få opp informasjon som normalt sett ligg ned i eit skrin. Dette er noko ein aldri har gjort i Statsbygg-regi tidlegare.

Grunnsteinsnedlegging
Journalistikkstudent Dina Storvik filmer Master in Media Practices-student Simen Jester Langeland framfor det som er i ferd med å bli Sivert Aarflot-huset, medan dekan ved Avdeling for mediefag, Kate Kartveit, kan skimtast til høgre.

På denne nettsida er det samla program for grunnsteinsnedlegginga, teikningar av bygget og bygningsinformasjonsmodell, informasjon om bygget, fargetrykk av Noregs riksvåpen, eitt sett av årets myntar, eitt sett av årets frimerke og dagens utgåve av lokalavisa Møre.

– Det er ein svært passande grunnstein for eit hus som skal huse medieutdanningane i Volda som har "Media for eit demokratisk samfunn" som ideologisk – grunnstein, sa rektor Johann Roppen i si helsing.

I tillegg til Roppen fekk Sivert Aarflot-huset helsing frå dekan ved Avdeling for mediefag, Kate Kartveit, mastergradstudent Simen Jester Langeland, rådgjevar ved Avdeling for mediefag, Reidulf Botn, prosjektleiar i Statsbygg, Jens Kristian Hersløv og prosjektleiar i PEAB K. Nordang, Lars Ole Tomren.

Under kan du sjå heile sendinga frå grunnsteinsnedlegginga som naturleg nok vart laga av våre flinke mediestudentar.

PS! Hugs å følgje med i studentane sine kanalar for meir godt stoff frå regionen! Du kan høyre på Radio Volda, sjå Nærsynet og lese ferske nyheiter på Nærnett!

 

Sjå fleire bilde frå hendinga her!

Del på