Nytt mediehus: Prosjektet til handsaming i regjeringa

Tekst: Tor Mikalsen , Foto: Statsbygg/K. Nordang AS/PEAB og Link arkitektur

- Oppdatert

«EXPO» vann konkurransen om å bygge det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda. No har Statsbygg signert kontrakten med entreprenøren for prosjektet, og ventar på godkjenning frå regjeringa. 

Ved Høgskulen i Volda er det jubel for eit nytt skritt på vegen mot byggestart og nytt mediehus etter at Statsbygg signerte kontrakt med entreprenør PEAB/K Nordang denne veka. - Vi gler oss, seier ein nøgd dekan ved avdeling for mediefag, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. 

- Bygget er ein viktig premiss for å vidareutvikle dei yrkesretta medieutanningane våre, med mykje praksis. Vi får studio, FutureLab, teiknesalar og redaksjonslokale for praktisk trening i medieyrka. Den store vekta på realistisk, praktisk trening er det som skil Volda frå andre medieutdanningar, og det er ei viktig årsak til at vi har landets mest nøgde studentar, seier Gregoriusdotter Rotevatn. 

No ventar ho og resten av HVO på at saka skal handsamast i regjering. Ved klarsignal der, kan prosjektet endeleg settast i gang. Både tilsette og studentar håper på snarleg grønt lys for byggjestart.

- No har tida gått frå lokala våre, og det nye bygget vil gje oss og studentane våre eit fagleg løft.


Les meir: Nytt mediehus ved Høgskulen i Volda 


Eit løft for heile Høgskulen

Direktør Per Halse ser fram mot eit mediehus som skal kome heile Høgskulen i Volda til nytte og glede: 
- I tillegg til at vi kan halde fram med å vere den leiande, yrkesretta medieutdanninga i Noreg, er dette ein fantastisk ressurs for alle dei andre yrkesretta profesjonsutdanningane våre. Høgskulen i Volda er langt framme på digital kompetanse i utdanningane vi tilbyr, og mediehuset vil vere viktig for til dømes grunnskulelærarutdanninga vår.  

- Finansieringa er på plass og kontrakta signert. No avventer vi klarering frå regjeringa før vi kan gå i gang med dei neste fasane, detaljplanlegging og byggjestart av huset som viser visjonen vår i praksis: Kunnskap for framtida, seier direktøren. 

Statsbygg: Slik blir det nye mediehuset i Volda 


PEAB/K Nordang AS står bak «EXPO» som vann konkurransen om å bygge det nye mediehuset ved HVO. Totalentreprenøren har med seg eit team som består av arkitektar frå Link arkitektur og rådgivarar frå Cowi på akustikk, ECT på elektro, Norconsult på systematisk ferdigstilling og livssyklusanalysar og ART på prosjekteringsleiing.
 

Del på