Utstilling av forslag til nytt mediebygg

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Onsdag 12. september opna Statsbygg, ved prosjektleiar Tore Berg, utstillinga i Berte Kanutte-huset som viser dei innkomne forslaga til nytt mediehus ved høgskulen. – Eg gler meg over å få vere med på å utvikle dette mediebygget for det som mange ser på som landets viktigaste og beste medieutdanning, sa Berg.

Statsbygg fekk i oppdrag å vere byggherre for dette bygget, som starta som eit veldig interessant kombibygg, men som no står att som eit reint undervisningsbygg for mediefaga i Volda. Vi fekk eit veldig godt grunnlag frå høgskulen når det gjeld romprogram og innhald i bygget. I samarbeid med høgskulen utvikla vi prosjektet ved å be fire ulike grupper om å lage dei forslaga vi stiller ut her i dag. No skal vi i samarbeid med høgskulen evaluere dei, før vi i november kan offentleggjere kven av tilbydarane som blir med vidare. Får vi dei endelege godkjenningane vil bygget stå ferdig til jul 2020.

Treng nytt mediehus

Høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen førte linjene tilbake til Campusprosjektet i 2014 og rapporten frå 2015, der visjonen for det nye bygget og ulike skisser vart presenterte. 

– Dette er ein stor dag for oss. Draumen frå 2015 har rykka eitt steg nærare realisering. Det har vore lagt ned eit stort arbeid, særleg på Avdeling for mediefag, for å få fram kva dette huset skal innehalde for at vi skal kunne vere best mogeleg rusta for framtida, sa Lomeland Jacobsen.

Høgskuledirektøren understreka at det er heilt avgjerande for Høgskulen i Volda (HVO) å få eit nytt mediehus.

– Skal vi oppretthalde rekrutteringa til den beste medieutdanninga i Noreg, treng vi eit moderne og funksjonelt nybygg. Eg vil nytte høve til å takke tilbydarane som har forstått behova våre og lagt fram noko ekstraordinært, sa høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen. 

Høgskuledirektøren peika på at det nye bygget vil auke kontakten og samhandlinga mellom mediefaga og dei andre fagmiljøa ved høgskulen. Huset skal også ha rom for digital kompetanse i læring, som er viktig for utviklinga av lærarutdanninga og etter- og vidareutdanning av lærarar.

– Det nye mediebygget vil bli eit utstillingsvindauge for mediefaga og samle dei tilsette og studentane under same tak. Det er viktig å understreke at det også blir eit bygg for heile HVO. Huset vil gje oss nye møteplassar. For ein liten høgskule er den nære kontakten mellom tilsette og studentane viktig. Det nye huset vil også styrke kontakten med folket i Volda og regionen elles, sa høgskuledirektøren.

Stolte

– Volda kommune er stolt over medieutdanningane i Volda, og dette nye bygget vil ha positive ringverknader for heile Volda, sa varaordførar Sølvi Dimmen i helsinga si frå Volda kommune.

Skisser

Under ser ein korleis dei fire ulike tilbydarane ser føre seg inngangspartiet.

Veidekke og arkitektgruppa Lille Frøen.
Peab K. Nordang og Link arkitektur.
Hent, MAD arkitekter og Oslo Works.
HS Bygg og HLM arkitektur.

Sjå alle løysingsforslaga i detalj her.

Vegen vidare

Ein evalueringskomité skal kåre ein vinnar i haust. Deltakarar i komiteen er frå HVO og Statsbygg, med ekstern leiar. HVO sine medlemmer er:

  • Karen Lomeland Jacobsen, direktør
  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dekan AMF
  • Reidulf Botn, rådgjevar AMF
  • Leif Roar Strand, driftssjef
  • Margrete Apelseth, brukarkoordinator (observatør med tale- og forslagsrett)
  • Bernt Olav Øvregaard, for dei tillitsvalde (observatør med tale- og forslagsrett)
  • Daniel W Hansen, studentrepresentant (observatør med tale- og forslagsrett)

Det er strenge retningslinjer for evalueringa, som tar utgangspunkt i regelverket for offentlege anskaffelsar. Prosjekta vert evaluert ut i frå anbodsdokumenta etter faste evalueringskriterium. Arbeidet i komiteen er konfidensielt, som det er i alle slike prosjekt.

Når komiteen har kåra ein vinnar, skal saka så til HVO sitt styre. Så skal byggeprosjektet godkjennast av regjeringa.

Etter dette startar brukaroptimalisering av huset, som til dømes arbeidsplassar. Det vert ein både viktig og spennande fase, der huset skal gjerast så godt som mogleg ut frå høgskulen sine behov.

Nasjonalt leiande

I det nye mediehuset blir det rom for alle dei praktiske medieutdanningane i Volda. Med 500 studentar og 50 tilsette har Volda det største praktiske mediefaglege miljøet i landet. Huset skal stå mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset og skal stå ferdig før jul i 2020.

Medieutdanningane i Volda har heilt sidan 1970-åra vore nasjonalt leiande og ungdom frå heile landet kjem til Volda for å studere mediefag. Utdanningane i Volda legg stor vekt på praktiske ferdigheiter med trening i Volda, før studentane har praksis i bedrifter og organisasjonar nasjonalt og internasjonalt. Og undersøkingar syner at studentane frå Volda får seg jobb etter utdanninga.

Det nye bygget vil gje Avdeling for mediefag nye fysiske rom og større fagleg samhandling og synergi, noko som i dag er vanskeleg i dei gamle og lite tenlege lokala som også har for liten plass til både studentar og tilsette. 

Bygget skal huse klasserom, arbeidsplassar for studentar og tilsette, digitalt laboratorium for VR, redigeringsutstyr, øvingsrom for video og web-tv, studio for opptak og kringkasting av lyd og bilete, fleksibelt og portabelt kamerautstyr, redigeringsutstyr for opptak og fleksible klasserom for praktisk rettleiing av studentar. Fagmiljøet digital kompetanse i læring som særleg er retta mot skule og undervisning er også ein del av avdelinga og får plass i det nye huset.

Med det nye huset samlar Høgskulen i Volda heile mediefamilien og digital læring i eit framtidsretta og moderne bygg.

Campusprosjektet 2014

I samband med Campusprosjektet i 2014 kom det fram at leiinga ved HVO ønskte å utvikle «eit innovativt senter for mediering og formidling med tidsmessige lokalitetar og oppdatert utstyr»,  eit signalbygg skulle fungere som eit fysisk signal om prioriteringane til Høgskulen i Volda.

– Eit slikt bygg vil setje Volda på kartet, sa dåverande rektor Per Halse.

Som eit ledd i det vidare arbeidet med oppfølging av Campusutviklingsplanen for Høgskulen i Volda vart det i september 2015 sett ned ei arbeidsgruppe for utgreiing eit slikt nytt bygg på campus, og ein viktig konklusjon på arbeidet var at det var viktig å byggje eit nytt hus for mediefaga.

Statsbygg

Det er Statsbygg som byggjer huset på oppdrag frå Høgskulen i Volda. Høgskulen finansierer sjølv bygget som kurantbygg, altså utan at høgskulen får auka løyving frå Kunnskapsdepartementet. Oppdraget til Statsbygg var i utgangspunktet eit kombinert undervisningsbygg for HVO og kultursalar for Volda kommune. Kulturdelen gjekk ut av prosjektet etter vedtak i Volda kommunestyre i november 2017.

I juni 2017 kunne arbeidsgruppa leia av dekan ved Avdeling for mediefag Audhild Gregoriusdotter Rotevatn legge fram eit grundig og gjennomtenkt romprogram for det nye mediebygget. Arbeidet fekk gode tilbakemeldingar frå Statsbygg.

På grunnlag av romprogrammet inviterte Statsbygg til prekvalifisering i mars 2018, og fire kvalifiserte tilbydarar leverte 5. september planar for huset.

Del på