30 internasjonale gjester til animasjonsfestivalen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– På gjestelista finn vi mellom anna Gene Deitch som har laga mange filmer med m.a. Tom & Jerry, men det er ikkje teiknefilm vi har konsentrert oss mest om, fortel dei.

afdc79fc8de52bc16415cc3819937ea494ee8035

Journalist i Møre saman med ansvarlege for festivalen, Lea Vidakovic and Ivana Bosnjak på pressekonferansen då programmet vart lansert.


– I år skal festivalen konsentrere seg om dokkefilm, som har aukande interesse innan det som vert kalla stop-motion-animasjon. Fire av vårens eksamensfilmar med denne teknikken vert vist fram på festivalen.

– I tillegg til uteksaminerte filmar frå Høgskulen i Volda, vil vi også vise innsende filmar frå heile Norden-Baltikum området.

Dei beste amatørfilmane, og dei beste profesjonelle filmane vert valde ut av ein jury til visning på animasjonsfestivalen i Fredrikstad.

– Dei siste åra har festivalen vore stolt over å ha eit stort tal regissørar, produsentar og animatørar som har delt erfaringane sine med animasjonsstudentane.

Det vert førelesingar og verkstadar, og nytt i år er såkalla Vj-verkstadar, der ein lærer å veksle film og bilete (i staden for DJ – der diskjockeyen snurrar plater).

Viktige seminar

Føredraghaldarar kjem frå tidlegare austblokkland for å fortelje om sensur og sitt arbeid med animasjonsfilm under den kalde krigen. Det vert også eit viktig seminar og visningar av industriell animasjon. Dette er ein aukande marknad også på Sunnmøre.

Industrianimasjon

Det vert no sendt inn proffe industrianimasjonar, og vi har ein prestigefylt jury med mellom anna X-Bow designer Øyvind Kamsvåg frå Ulstein Group som skal vere med på å kåre den meste industrianimasjonen.

Kvart år prøver vi å opne for eit stadig breiare publikum, og i år har vi eigne program som vi trur passar godt for barn og vaksne frå lokalmiljøet i og rundt Volda.

Galleriutstilling i samarbeid med Volda kunstlag

Det vert utstillingar i galleriet til Volda Kunstlag, der ein kan sjå dokkene og filmane dei er med i.
Galleriet har ope torsdag 16. september frå klokka 14.00-18.00, fredag 17. september frå klokka 12.00-18.00 og på laurdag 18. september frå klokka 12.00-18.00.

Read all about it: www.animationvolda.comda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på