Årets dokumentarfilm på Rokken

Tekst: Webmaster Volda

Då Øyvind Sandberg laga ”Kabal i hjerter” var målet at filmen skulle visas på tv. No har filmen vunne fleire prisar, blant anna to i Volda, og går no sin sigersgong på kino. Fleire filmanmeldarar har omfamna filmen, og flittig delt ut 5 og 6 frå terningen.

Ny søknadsfrist

Det er Den Norske Dokumentarfilmfestivalen som står for framvisninga. Eit nytt styre for festivalen skal no settas, og søknadsfristen er flytt med nokre dagar.

- Vi har fått mange gode søknader, men vil fortsatt ha enda fleire. Send nokre ord om deg sjølv til styret@dokfilm.no hvis du vil være med, oppmodar styreleiar Gunhild Gjølstad Skarstein, som spesielt er på jakt etter fleire kandidatar til å være leiar, grafisk ansvarleg eller redaktør.

Herleg film

Tysdag klokken 19.00 kan du sjå den herlige filmen om Kåre Morten, Per Erling og May-Britt på Rokken. Dei to kompisane har begge Downs syndrom, og bur saman i Bergen. Kåre Morten er forelska i May-Britt, som er ein kjent fargekladd i Bergens gater. Men kjærleiken er ikkje alltid enkel, og når Kåre Morten ein dag gløymer å ta på seg forlovelsesringen blir det mykje gråt.

Rokken
Tysdag 19. september kl. 19.00

Gratis inngang

Sjå her for meir informasjon om filmen: http://www.studentradioen.net/wordpress/program/filmar/kabal-i-hjerter


Klikk her for å sjå traileren til Kabal i hjerter:

http://www.corianderfilm.no/kabal/kabal%20i%20hjerter.mpg%20WM9_256Kbps_download_PAL.wmv

Del på