Barth Eide om krisene i Europa
Brexit, ungdommen sin klimakamp og Dei gule vestane i Frankrike er symptom på mange av dei endringsprosessane Europa og verda står ovanfor. Dette og meir til skal Espen Barth Eide snakke om i forelesninga han skal gje på Høgskulen i Volda torsdag 2. mai.
Brexit, ungdommen sin klimakamp og Dei gule vestane i Frankrike er symptom på mange av dei endringsprosessane Europa og verda står ovanfor. Dette og meir til skal Espen Barth Eide snakke om i forelesninga han skal gje på Høgskulen i Volda torsdag 2. mai.
Barth Eide er statsvitar og tidlegare utanriksminister og forsvarsminister i Stoltenberg II-regjeringa, direktør i World Economic Forum og spesialrådgivar i FN for generalsekretær Ban-Ki Moon. Frå 2017 har han vore valt stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Oslo. Han er nestleiar av Energi- og miljøkomitéen. Barth Eide har vore ein av Noregs fremste aktørar i internasjonal politikk i tida etter den kalde krigen tok slutt.
Open forelesing
Torsdag 2. mai 11.00 – 12.00 i rom Strøm 244 vil han halde ei open forelesing med tittelen «Europa i endring - den liberale orden i krise: Den nye medieverkelegheita - ekkokammer, polarisering og nye sosiale bevegelsar». Forelesinga er open for alle, også dei som ikkje studerer eller arbeider ved Høgskulen.
Det internasjonale nyheitsbilete er dominert av oppslag om politiske polariseringar og konfliktar. Ei politisk utvikling i meir autoritær i retning i fleire land som bidrar til å undergrave ytringsfridom og rettssikkerheit - til dømes i Polen, Tsjekkia, Ungarn og Tyrkia; Dei gule vestane i Frankrike og Brexit. Også ungdommens nye klimakamp i Europa setter ein ny politisk agenda. Alle desse tinga er symptom på mange av dei endringsprosessane Europa og verda står ovanfor.
Krise og svekka tillit
Forelesinga er eit ledd i arbeidet i forskingsgruppa «Mediene og det internasjonale samfunn» ved Høgskulen i Volda. Forskingsgruppa er eit samlingspunkt for forskarar med interesse for å utvikle og gjennomføre tverrfaglege prosjekt i kryssingsfeltet mellom media og det internasjonale samfunnet – med vekt på endringsprosessar i Europa etter den kalde krigen sin slutt. Leiar for gruppa, professor Rolf Werenskjold, er svært godt nøgd med at dei har fått ein kapasitet som Bart Eide til Volda.
– Det er ei krise i dei liberale ordningane som har vore berande for dei demokratiske institusjonane etter den andre verdskrigen, både på nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi kan sjå at tilliten til dei politiske partia og prosessane forvitrar i mange delar av verda. Barth Eide vil snakke om korleis desse ordningane blir utfordra og kva betydning det kan ha for oss, seier Werenskjold.
Kva rolle spelar media?
Barth Eide vil også ta for seg flyktninge-utfordringane og framveksten av nye sosiale bevegelsar som klimakampen dei yngre kjempar. Han vil også snakke om kva rolle dei redaksjonelle og sosiale media spelar i dei mange prosessane.
– Det blir heile spekteret av kva som rører seg i internasjonal politikk i dag. Dette vil Barth Eide knyte opp mot redaksjonelle og sosiale medium – og kva rolle dei spelar i polariseringa mellom folk og grupper. Det er eit brennheit tema og ei forelesing folk absolutt bør få med seg, synest Werenskjold.