Firda vidaregåande i Studio 3

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

  -  Eit halvt minutt til sending!  Kjem det frå regispakane. Spenninga i studio er til å ta og føla på. ”God påske Gloppen”, ei sending med og av tredjeklassingane frå Firda vidaregåande skule på Sandane, er straks i gang.

regispaker_stort
Bak regispakane: Ine Gangeskar

Stolt lærar

  
 -  20 sekund! Roper lærar Geir Skagen. Han har sjølv vore student ved medielinja på Høgskulen i Volda og følgjer no spent med på elevane sine. Han berettar stolt at han har vore svært nøgd med innsatsen i dag og at dei som ikkje deltek denne sendinga, bidrog med "Vinter TV" tidlegare på dagen.

-  Studentane mine er tøffe, mange av dei befinn seg framfor kamera for første gong!

Regi med kontroll

    -  10 sekund!    

Ine Gangeskar (bilete) køyrer regi på sendinga og har full kontroll. Ho var sjølv student ved medielinja på Firda vidaregåande i fjor og går no fjernsynslinja ved Dannevig folkehøgskule. Praksisperioden sin har ho brukt på å halda forelesningar for sine tidlegare medstudentar.

   

regi  -  Køyr vignett! Klar kamera 1! To – ein- værsågod!

                                                            

Påskesending med stil
Påskeprogrammet er i gang. Bak påskeappelsiner og Kvikk Lunsj står programleiarparet Birthe Berg Eide og Simen Solheim som ser ut til å trivast i sine roller. I løpet av den tjue-minuttar lange sendinga tek dei i mot gjestar og visar innslag klassen har laga dei to siste vekene. I tillegg let dei klassevenninna Hege Kveen sleppa til med påskenøtter og Elise Årdal lesa opp ei kort nyheitsoppdatering.

programpar_stort
 Birthe Bergh Eide og Simen Solheim (18) er programleiarpar for "God Påske Gloppen"

nottefat
 Påskeprogrammet avsluttast med stil

   -   Så flinke de er!

Ine er imponert over 18-åringane frå sin tidlegare skule. Skryt får elevane også av Steinar Høydal, høgskulelærar ved Avdeling for mediefag ved høgskulen.

   -   Her var det jo kun kjempebra overgangar, rosar han.


Blanda kjensler
Programleiarane Birthe og Simen tykkjer dagen har vore både kjekk og nervepirrande.

   -   Det aller kjekkaste var definitivt å stå framfor kamera, meddeler Birthe entusiastisk.

   -   Ja, også var det utruleg deilig når rulleteksten kom på skjermen og alt hadde gått bra, føyer Simen til.

klassen
 Ein nøgd tredjeklasse frå Firda vidaregåande skule etter sendingane er unnagjort

 

Nysgjerrig på Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda? Les meir her
Journaliststudentane med fjernsynsspesialisering har sendingar kvar måndag, tirsdag og torsdag fram til 18. april. Dei kan du sjå via Nærnett.

Del på