Første Volda-studentar til Århus Business Academy

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2385f919e47e0729d78c541a686f1e47d3b1aed7

To spente jenter: F.v. Liisa Mänd og Helene Klokk er klare for Erasmus-utveksling ved Århus Business Academy i Danmark etter jul.

–Eg har eigentleg ikkje heilt skjønt at eg har kome inn, eg! Seier Helene Klokk entusiastisk.

Både ho og Mänd studerer til vanleg Planlegging og administrasjon, og begge skal ta fag innafor marknadsleiing i Århus.  Dei reiser ut gjennom Erasmus, noko som betyr at dei slepp å betale skulepengar. I tillegg får dei eit Erasmus-stipend på om lag 2 400 kroner per månad. 

Pionerar frå IPA

Leiar for Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, er strålande nøgd med at akkurat desse to jentene dreg på utveksling. Dei er nemleg blant dei få frå Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPA) som nokon sinne har reist på utveksling. Berre ei gruppe på fem har reist ut før Mänd og Klokk, og det var for tre år sidan. 

 – Eg syns at fleire frå IPA bør nytte seg av moglegheita til eit semester i Århus, eller ein annan samarbeidspartnar. Det er kjekt om utferdstronga no tek seg opp att, oppmodar Wilhelmsen engasjert. 

Ho har fått eit kjempegodt inntrykk av Århus Business Academy og er sikker på at IPA-jentene får eit fantastisk semester i nabolandet. 

Forventningar i forkant

Liisa Mänd og Helene Klokk er heller ikkje i tvil om at semesteret i Århus vert givande.

–Dette opphaldet trur eg vil utvikle meg mykje, både fagleg og som person. Eg gleder meg til nye, spanande utfordringar og opplevingar, seier Mänd.  

Ho har alltid ein draum om å oppleve noko litt annleis enn Volda. Reisevenninne Helene har farta litt rundt i Sør-Amerika frå før, og syns det er fantastisk at ho no får høve til å ta eit semester i utlandet.–Danmark verkar veldig spanande, og Århus har eit godt rykte på seg som studentby, seier ho entusiastisk. 

Har du lyst på utveksling til våren? Det er framleis ikkje for seint å søke. Kontakt leiar for Internasjonalt kontor på e-postcw@hivolda.no, eller stikk innom kontoret hennar i tredje etasje på BK.  


Del på