Gaute Hareide med fotoutstilling
Høgskulelektor Gaute Hareide ved Avdeling for mediefag opnar fotoutstilling i Animasjonssenteret i Volda laurdag 29. november klokka 12. Temaet er tradisjonelt landskap i digital form.
– Stort sett er det lokale motiv som blir presentert. Bileta er laga som del av mi faglege fordjuping her i Volda, seier Hareide.
Storleiken på bileta varierer frå 10x15 til 160x80 cm. Utstillinga er open fram til jul.