Høgtidleg og lattermild Dokfilm- opning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

krompen
Kronprinsen under opningstalen.                                                    Foto: Anita Haugland

Onsdag klokka halv sju kunne endeleg styremedlem i dokfilmstyret, Vegard Østerhagen, ynskje små og store velkomne til Dokfilm 2008. Han oppmoda alle festivaldeltakarane til å reise seg då Kronprins Haakon Magnus kom inn lokalet.

- Ei heil veke med dokfilm, det er nokon som har det! sa kronprinsen i opningstalen sin. Han var imponert over alle dei frivillige som jobbar for festivalen. Han fortalde vidare at han likar dokumentarfilmar og kom innpå filmen “Eit verdig liv” frå 2005, som han har sett tidlegare.

Trass i at talen til kronprinsen hadde eit høgtidleg preg, vekte kronprinsen lattermusklane hos publikum fleire gonger. Han avslutta med å introdusere opningsfilmen “Three Miles North of Molkom”, og erklærte deretter Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2008 for opna.

Leiar i dokfilmstyret, Åge André Breivik, rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam og ordførar i Volda kommune, Ragnhild Aarflot Kalland, heldt kvar si tale før kronprinsen entra scena. Dei ønska alle kronprinsen varmt velkommen, samtidig som dei viste engasjement for festivalen.

- Eg er innmari stolt av å stå her i dag, sa rektor Jørgen Amdam, her i Volda er me kjende for mediamiljøet både nasjonalt og internasjonalt.

Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland var også positiv til arrangementet.

- Denne filmfestivalen er ein møteplass for gamle og nye studentar, filmskaparar og andre. Studentane her tilføyer Volda mange viktige impulsar.

Tekst: Anita Haugland

motestort_2

Kronprinsen helsar på leiar for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, Åge André Breivik. 
Dei andre tilstades på biletet:  Nestleiar Christina Honningsvåg, rektor Jørgen Amdam
og ordførar Ragnhild Aarflot Kalland                                    

Foto: Hanne Marie Molde


Del på