Medienæringa er i konstant endring og full av moglegheiter
Høgskulen i Volda har eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon. Ylva visste tidleg at det var innanfor medienæringa ho ville arbeide. Etter tre år ved høgskulen jobbar ho no som kommunikasjonsrådgivar i firmaet Racer. Firmaet tilbyr mellom anna tenester innanfor grafisk design, profilering, reklame og marknadsføring.
Høgskulen i Volda har eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon. Ylva visste tidleg at det var innanfor medienæringa ho ville arbeide. Etter tre år ved høgskulen jobbar ho no som kommunikasjonsrådgivar i firmaet Racer. Firmaet tilbyr mellom anna tenester innanfor grafisk design, profilering, reklame og marknadsføring.
– Eg har alltid likt sosiale media, å skrive og å ta bilete. PR, kommunikasjon og media i Volda verka difor som ei spennande utdanning, der vegen vidare ikkje var heilt fastsett, men gav mange gode moglegheiter i arbeidslivet.
Avdeling for mediefag har eit godt integrert fagmiljø, noko studentane får nyte godt av. Dei får velje mellom mange fagfelt og eit breitt spekter av emne; journalistikk, medievitskap, politisk økonomi, organisasjon og leiing, marknadsføring, krisekommunikasjon, og ulike sosiologiske og statsvitskaplege emne.
– Eg har alltid vore glad i å skrive, og visste at dette var ein av dei tinga eg ville jobbe med seinare. For meg var skrivetreninga vi fekk i utdanninga noko av det viktigaste eg lærte. Her fekk eg utvikla meg som skribent og øvd på fleire sjangrar. I tillegg lærte vi mykje om å vere medviten rundt alle aspekt ved kommunikasjon, noko eg har stor nytte av i jobben min.
Kommunikasjonsrådgivar
Då Ylva hadde fullført bachelorgraden i Volda, starta prosessen med jobbsøking. Etter å ha sendt mange søknader, fekk ho napp hos det nyoppstarta digitale marknadsføringsselskapet Racer. Dei held til både i Ålesund og Ørsta. Her driv ho med utvikling av digitale løysingar, då spesielt på sosiale media for å løfte fram merkevarer for kundane. Sjølv om mediemarknaden kan seiast å ha hatt ei nedgangsperiode, er Ylva optimistisk.
– Eg trur at medienæringa eigentlig går bra, sjølv om det ikkje er like stor etterspørsel etter alle type tenester. Bruken av internett og sosiale media kjem til å auke og vere ein del av framtida. I ei verd full av inntrykk er vi avhengig av god informasjonsflyt og, ikkje minst, innhald som fangar merksemda til
brukaren.
Situasjonen i medienæringa og alle endringane som skjer, kan sikkert virke avskrekkande på nokon, men det er ufatteleg spennande å vere med på. Medienæringa er i konstant endring og er full av moglegheiter.
Brei utdanning
– Er du interessert i media generelt, trur eg du vil like PR, kommunikasjon og media. Dette er den rette utdanninga for dei som er interessert i skriving, sosiale media, formidling, reklame, og liknande. Gjennom oppgåver og arbeid undervegs i studieløpet, kan du ta val som vinklar deg inn mot eit visst segment av næringa. Det handlar om å formidle bodskap slik at rett målgruppe får det med seg og engasjerer seg.