Nærnett er tilbake: – Styrker studentane før arbeidslivet

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal

Endeleg får vi nytt og spanande innhald på Nærnett, Nærsynet og Næravisa og Radio Volda. For måndag 28. februar startar internpraksisen for journalistikkstudentane ved Høgskulen i Volda. 

Ved Høgskulen i Volda har vi fleire internpraksisar og ein ekstern praksis for å forberede studentane på arbeidslivet. Praksisen er tett knytt opp mot all teori som dei i løpet av studiet har lært. På denne måten får dei god læring og erfaring i korleis det er å jobbe i ein redaksjon og sjå korleis det er før ekstern praksis. Dei får dermed tett oppfølging, lærer av kvarandre i eit trygt miljø for å bli trygg på sitt fag.  

Gir studentane god styrke før arbeidslivet

– Internpraksis er ein stor del av utdannelsen som vi gir til studentane våre. Der får de øve seg på utstyr, programvare, arbeidsprosessar og arbeidsflyt som dei vil møte i den verkelege verden. Det gir våre studenter ein veldig stor styrke før eksternpraksis og jobb, seier dekan ved Avdeling for Mediefag, Kate Kartveit. 

Sivert Aarflot-huset
Sivert Aarflot-huset opna hausten 2021 med topp moderne fasilitetar. Her får journalistikkstudentane boltre seg under den interne praksisen.

Nytt mediebygg


Med eit heilt nytt mediebygg får studentane sjølvsagt topp moderne utstyr å bruke til radio sendingar for Radio Volda, Nærsyn sendingar og anna teknisk utstyr som vil være nyttig å ha kjennskap til i arbeidslivet. 

Følg praksisen frå innsida


Vil du sjå korleis det er å vere i internpraksis så skal Erlend Arnesen 2 års journalistikkstudent, ha Instagram-takeover for Hivolda 1. mars. Då vil du få eit spanande innblikk i kva som skjer på innsida av ein redaksjon. 

Erlend Arnesen
Journalistikkstudent Erlend Arnesen gir deg eit innblikk i sin studiekvardag gjennom ein takeover på Høgskulen sin Instagram-konto.

Nærnett, Nærsynet og Radio Volda


Her kan du sjå alle nyhetssakene til Nærnett, nyhetssendingane til Nærsynet og Radio Volda. Har du noko på hjartet som du gjerne vil at Nærnett skal skrive om, så send dei gjerne eit tips til nett@hivolda.no eller følg dei på Facebook eller Twitter
 

Del på