Svært realistisk kriseøving
Kriseleiinga i Herøy kommune gjennomførte nyleg ei kriseøving ved Høgskulen i Volda (HVO). Studentar og fagfolk ved Avdeling for mediefag hadde lagt til rette for ei øving som testa beredskapsplanar, krisekommunikasjon og mediehandtering. – Eit veldig godt opplegg frå HVO si side. Øvinga var so realistisk at vi tidvis trudde det var ekte, seier ordørar i Herøy Bjørn Prytz.
Kriseleiinga i Herøy kommune gjennomførte nyleg ei kriseøving ved Høgskulen i Volda (HVO). Studentar og fagfolk ved Avdeling for mediefag hadde lagt til rette for ei øving som testa beredskapsplanar, krisekommunikasjon og mediehandtering. – Veldig godt opplegg frå HVO si side. Øvinga var so realistisk at vi tidvis trudde det var ekte, seier rådmann og leiar for kriseleiinga i Herøy Bjørn Prytz.
Studentar på mastergradsemna Risk Communication og Issue Management og Offentleg kommunikasjon og leiing hadde gjort godt arbeid med undersøkingar i førekant. Dei hadde skrive dei ulike scenarioa, dei organiserte mediespelet og hadde elles ansvaret for planlegging og gjennomføring av dagen. Journaliststudentar i praksis tok del som pågåande journalistar.
Tidlegare lensmann Guttorm Hagen var engasjert som ekstern rådgjevar og held føredrag der han mellom anna gjorde ei vurdering av innsatsen til kriseleiinga i Herøy i lys av eit langt arbeidsliv som politimann.
Heile kriseleiinga i Herøy kommune under leiinga av ordførar Bjørn Prytz tok del i øvinga. Opplegget var tilpassa kommunen sine beredskapsplanar og risikoanalysar, og det vart øvt på tre krisesituasjonar: skulebuss i brann i Eiksundtunellen, utbrot av svært smittefarleg sjukdom og mistanke om misbruk av mindreårige ved ein kommunal institusjon.
– Vi øvde på handtering av kriser som kunne vere aktuelle i Herøy. Vi øvde på mediehandtering og det å takle informasjonsstraumen i sosiale medium. Kriseøvinga handla også om å øve på å bruke beredskapsplanane der målet er å minimere omfanget av kriser når dei først kjem, og å hindre at det oppstår nye kriser, gjerne kommunikasjonskriser i tillegg til sjølve krisa, seier høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Institutt for kommunikasjon ved Avdeling for mediefag.