Til Finland for å halde foredrag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Saman med foredragshaldarar frå fleire skandinaviske og andre europeiske land, er Rolf Werenskjold invitert til Finland 17. og 18. april, for å halde fagleg innleiing på ei internasjonal konferanse ved Universitetet i Helsinki. Konferansen er retta mot universitetshistoria til Finland, og er den andre i rekka av med dette tema.

- Eg har blitt invitert til å snakke om universitetsopprøret og media. Eg forskar og skriv doktorgrad om korleis -68 opprøret vart dekt og formidla i norske massemedia. Eg skal snakke om korleis avisene formidla det som studentane var opptekne av, og vise korleis dei fokuserte på demonstrasjonane i gatene, fortel forskaren.

Konferansen presenterar eit breitt program, og skal gi eit innblikk i ulike delar av universitetshistoria.

- Det er mange innfallsvinklar til ei slik historie. Eg vil legge hovudfokuset på media generelt sett, der media sin dagsorden bidrog til å sette den offentlege dagsorden og prege den offentlige opinionens syn på universitetsopprøret i mange land (sjå programmet her).

 

IMG_8330_magasin_1

Rolf Werenskjold forskar på korleis -68 opprøret

vart dekt og formidla i norske massemedia.

 

 

Internasjonale forskarar til HVO

I november skal det vere ei stor internasjonal forskarkonferanse her ved Høgskulen, Protestkonferansen 26. – 28. november. Det er 45 deltakarar som har søkt, og dei representerar 21 ulike land.

- Ein kan trygt kalle det ei internasjonal konferanse! Det er mange gode og spennande utkast til tema, og det er synd at ikkje alle kan bli med. Det er 24 forskarar som blir valt ut. Det er ein smertefull prosess å måtte kutte, samstundes som det er eit privilegium. Det er mange flinke søkjarar, seier Rolf Werenskjold.

Tema for konferansen er media og protestrørsler etter 1945, og Werenskjold kan avsløre at emna har variasjon og bidreg til god spreiing. Hovudhensikta er å skape bredde i forholdet mellom protestbevegelsar og media over tid, frå ulike geografiske og politiske forhold. Det er derfor positivt at det er søkjarar frå ulike land.

- 1. mai skal vi vere ferdige med utveljinga. Då har forskarane nokre månadar å skrive eit såkalla ”paper”, som er ein slags artikkel som ikkje er endelig ferdig utarbeida. Dette er noko av det sentrale med konferansen, at den enkelte skal få tilbakemeldingar på det som er skrive, for så å arbeide med og forbetre innhaldet. Når ein held på med doktorgradsarbeid er det viktig å publisere, spesielt internasjonalt. Denne konferansen er ein måte å få folk til å publisere og skape motivasjon, også for tilsette ved Høgskulen.

 

Bokpublikasjon

Målsettinga er at resultata frå konferansen skal danne grunnlag for ein bokpublikasjon om temaet media og protestrørsler.

- Vi har tankar om utgivinga, men det er vanskeleg å seie noko konkret om det no. Vi har fått fleire forespørslar frå internasjonale akademiske forlag som er interessert. Boka vil bli produsert på engelsk for eit internasjonalt publikum. Det er naturleg at HVO som vertskap er ein del av redaksjonen av ei slik bok.

Internasjonalt nettverk

Konferansen vil bli en av dei største reine forskarkonferansane som Høgskulen har arrangert, og inngår som en del av eit internasjonalt forskarnettverk. Kjernegruppa av innbydarar til konferansen er forskarar ved universiteta i Heidelberg, Zürich, Halle og Høgskulen i Volda.

- Blant dei internasjonale innbydarane er Martin Klimke (University of Heidelberg), Joachim Scharloth (University of Zurich) ogKathrin Fahlenbrach (University of Halle). Dei er inngår som ein del av eit prestisjetungt forskingsnettverk: Marie Curie Research Network. Det har vore interessant for både meg og Erling Sivertsen her ved Høgskulen å samarbeide med desse fagfolka. Dei er svært sjenerøse til å dele kunnskap, noko som vi lærer mykje av.

Forskarar og studentar frå HVO deltek

For å lykkast med ei slik konferanse er det avgjerande å ha eit apparat som fungerar, og ei forankring i leiinga ved Høgskulen.

- Høgskuleleiinga har vore positive til initiativet, og dei ser at forskinga er til nytte for HVO. Dei har vore villige til legge til rette økonomien for å arrangere ein slik konferanse. Dei har sett at dette er investeringar som vil komme tilbake. Det er fleire forskarar frå Høgskulen som deltek med paper, og det er positivt for forskinga internt. Vi vil også ha med studentar. Informasjonsstudentar er involvert til å utarbeide informasjonsplan, dette som ein del av deira studieopplegg i vår. I tillegg vil mediestudentar som vel emnet MEH201 Internasjonal mediehistorie - mediene i 1968-opprøret, delta.

Tema for konferansen høyrast kanskje smalt ut, men det har vore god interesse internasjonalt. Også fleire av forskarane her ved Høgskulen har prosjekt som fell innanfor rammene.

- Denne konferansen er med å løfte prosjekt som har eit avgrensa område til eit høgare nivå i ein større samanheng. Det er ein viktig del av media sitt samfunnsansvar at ein også skal dekke dei gruppene i samfunnet som er i opposisjon til det etablerte samfunnet – med omsyn til både politiske, religiøse og kulturelle verdiar, avsluttar Rolf Werenskjold.

konferanse_1

Del på