Volda-student bak verdsnyheit

Tekst: Per Straume , Foto: Jonas Közle

- Oppdatert

Animasjonsstudent August Volden Skara har i bacheloroppgåva si laga ein animasjonsfilm kombinert med VR-teknologi på ein måte som ingen tidlegare har gjort. Torsdag 20. juni skal han presentere nyheita under en animasjonskonferanse i Lisboa, som eigentleg er for langt meir utdanna personar enn han sjølv.

Førsteamanuensis i animasjon ved Høgskulen i Volda, Mohammad Javad Khajavi, ante at noko annleis og med eit stort potensial var i emninga då Skara tok til med ideen sin tidleg hausten 2018. Khajavi såg fort at dette var noko animasjonsfilmmiljøet verda over ville ha interesse av og bad Skara om å skrive ein akademisk artikkel om prosjektet sitt, slik at han kunne søke om å få framføre det under Society for animation studies conference i Lisboa. No har nettopp det skjedd.

Sensasjonelt

Heilt uvanleg for ein bachelorstudent, skal ein tru Khajavi. – Det er ganske sensasjonelt. Det er stort sett undervisarar og forskarar med titlar som førsteamanuensis og professor som får godkjent artiklar og framføre innhaldet under denne konferansen.

Men så er heller ikkje filmen – som utgjer den avsluttande bacheloroppgåva til Skara – heilt vanlig. Det er ein film som kombinerer stop motion-teknikken, den meste kjende og eldste teknikken for å lage animasjonsfilm, og VR (virtuell røyndom), som gjer at ein kan sette på seg briller og bli med «inn i filmen». For å skape ein bevegelse i filmen har Skara saman med kameraten Gard Hagen utvikla ei maskin som tek 70 bilde av den aktuelle figuren. Skal til dømes ei hand eller ein fot flyttast ein ny centimeter eller to, må ein ta 70 nye bilde. Alle desse bilda har Skara gjennom avansert programmering og koding klart å lage filmen av. Til kodearbeidet har han fått god hjelp av Christoffer Blomvik, som studerer Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Mangt må stemme

Vi let Skara sjølv forklare kva som er så spesielt med filmen og kva som gjer at dette er noko ingen andre har gjort tidlegare: – Dette prosjektet er sannsynlegvis den første samanhengande filmen i verda som gjer at ein er i stand til å bevege seg rundt i VR, der alt ein ser og opplever er fysisk skapte modellar og fysisk skapa stop motion-animasjon, berre beståande av naturleg lys og karakterar som er i stand til å bevege seg fritt rundt, utan restriksjonar.

Filmen er eit møte mellom Edvard Munch og Henrik Ibsen, lagt til ei av Munch sine siste utstillingar i 1895 og dialogen i filmen er blant anna basert på Munch si dagbok. Skodespelarar ved Nationaltheateret har stemmene til karakterane og med VR-briller kan ein bevege seg rundt i rommet i kunstutstillinga og høyre på samtalen mellom Munch og Ibsen eller få med seg kva andre i rommet gjer og snakkar om.

Les meir om animasjonsutdanninga i Volda.

 

 

Tiltrekt av Volda-miljø

Nettopp de to hovudteknikkane Skara har brukt i filmen sin – stop motion og VR – var hovudgrunnane til at han hoppa frå industridesign-studium i Oslo og flytta opp til Volda for snart tre år sidan. 

– Eg visste om det sterke animasjonsmiljøet i Volda, som også er kjend internasjonalt. Samstundes visste eg at ein heldt på med VR-teknologi ved høgskulen her og det påverka meg absolutt, seier Skara og nemner både læraren hans Khajavi og førsteamanuensis Ana Luisa Sanchez Laws som begge forskar på VR, og korleis ein kan bruke ny teknologi til å fortelje historier.

Framtidsretta

Det er ikkje berre av eigen nysgjerrigheit eller lyst Skara har vald nettopp denne måten å lage sin bachelorfilm på. I bakhovudet har det også lege ein tanke om kva det er som skal til for å få jobbe med animasjonsfilm i framtida. – Eg trur det er lurt å satse på VR som animatør. Store medie- og teknologiselskap, som til dømes Samsung, Facebook og Apple satsar hardt på denne teknologien, og det kan vere verdt å lytte til. 

Før arbeidslivet tar til skal han snakke til nokre som har lang erfaring frå bransjen. Og sjølv om han har klart å gjere noko ingen andre har gjort i animasjonsverda før han, er Skara litt spent før innlegget han skal halde i Lisboa torsdag.

– Nervane har meldt seg, men eg er mest glad og stolt over å få moglegheita til å snakke framfor ei så erfaringsrik forsamling.

Del på