Fekk FoU-prisen 2023 under opninga av Forskingsdagane
– Det har nesten blitt eit kall å gjere kvinnelege forfattarskap meir kjende og brukte, sa prisvinnar Marie Nedregotten Sørbø om det internasjonale forskingsarbeidet sitt.
– Det har nesten blitt eit kall å gjere kvinnelege forfattarskap meir kjende og brukte, sa prisvinnar Marie Nedregotten Sørbø om det internasjonale forskingsarbeidet sitt. Gjennom fleire tiår har ho vore ein aktiv formidlar, forskar og fagmiljøbyggjar ved HVO.
Fredag 22. september var det offisiell opning av Forskingsdagane 2023 ved Høgskulen i Volda (HVO).
Det nasjonale festivaltemaet i år er energi, og fram til 1. oktober kan nysgjerrige sjeler i alle aldrar oppleve eit festivalprogram fullt av gratis, spennande arrangement.
Rett frå klasserommet til prisutdeling
Tradisjonen tru blei årets FoU-pris ved HVO utdelt under opninga av Forskingsdagane. Prisen blei oppretta i 2005, og målet er å rette merksemda mot forskings- og utviklingsarbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.
Årets prisvinnar er Marie Nedregotten Sørbø (67), professor i engelsk litteratur ved Institutt for språk og litteratur ved HVO. I 34 år har ho undervist i Volda med eit smittande engasjement for språk og forteljarkunst.
– I grunngivinga for pristildelinga har Høgskulestyret understreka Maries evne til å formidle forsking til eit breiare publikum og deltakinga hennar i internasjonale forskingsprosjekt, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i sin gratulasjon til prisvinnaren.
Tonheim la vekt på at prisvinnaren har vore ein sentral og viktig person i det å byggje opp fagmiljøet innan engelsk ved HVO, noko som også blei tydeleg då Marie innleia takketalen sin slik:
– Nett no kjem eg direkte frå klasserommet, der eg har undervist engelskstudentane i poesi, noko eg aldri blir lei av, trur eg. Eg var utdannar før eg blei forskar, og desse to heng nøye saman i mi eiga historie.
Forskar av internasjonalt kaliber
Sjølv om ho har skrive også tidlegare, byrja Marie Nedregotten Sørbø med forsking nokre år uti karrieren, då dei aller første åra gjekk til jobben som undervisar ved lærarhøgskulen og til familielivet med dei etter kvart fire borna – men ho har vore mykje produktiv som forskar sidan.
Dei første akademiske arbeida hennar handla om bruken av litteratur i skulen, sidan ho jobba med lærarutdanning. Seinare har hovudfeltet i forskinga hennar blitt kvinner sin litterære skriftkultur i fortida, spesielt 1800-talet. Doktorgraden ho skreiv ved sida av full jobb, var ferdig i 2009 og handla om forfattarskapen til Jane Austen. Andre sentrale trådar i forskinga hennar er litterær adaptasjon, resepsjon og omsetjing.
Ho har ei stor internasjonal forskingsverksemd og har mellom anna skaffa fram HVOs hittil einaste forskingsprosjekt som EU-finansiert partnar, «HERA Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe», eit anerkjent og særs omfattande forskingsarbeid som held fram enno.
– Det er nesten blitt som eit kall å nytte forskingstida mi til å gjere kvinnelege forfattarskap meir kjende og brukte i vår tid. Det er ein slags innbarka kjønnsfordom som gjer at dei veldig lett blir oversett når det skal gjerast utval og skrivast bøker. Det arbeidet vi gjer i våre prosjekt og nettverk, håpar eg kan gi betre kunnskapsgrunnlag for dei som skal skrive lærebøker og historie i framtida, sa prisvinnaren.
Ein krevjande og meiningsfylt veg
Marie drog også fram den tyngre sida av forskinga: det krevjande arbeidet med å skrive søknader for tronge nålauge inn mot finansiering.
– Eg skjønar dei som ikkje prioriterer det, med så små sjansar for å nå fram med humaniora-prosjekt, men eg meiner dette forskingsfeltet er verdt eit forsøk.
Det kan også liggje mange års arbeid bak eit einaste kapittel i ei fagbok. Prisvinnaren nemner to døme frå ein bokserie om resepsjonen av britiske og irske forfattarar i Europa, der ho bidrog med eit kapittel kvar om høvesvis Jane Austen (2007) og George Eliot (pseudonym for Mary Ann Evans) (2016); her las ho romanar, samanlikna omsetjingar og analyserte over fleire år.
– Nokre gonger hadde eg tre eller fem versjonar av same roman side om side på bordet. Om ein tenkjer på salstal og siteringar, er tidsbruken absurd. Men eg har enorm glede av sjølve arbeidet.
Leksikon-røkting og romanomsetjing
Marie Nedregotten Sørbø har gjennom fleire tiår produsert eit betydeleg omfang av vitskaplege artiklar og bøker. Hovudarbeida hennar er to vitskaplege monografiar på det internasjonale toppforlaget Brill – Irony and Idyll: Jane Austen’s Pride and Prejudice and Mansfield Park on Screen (2014) og Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation (2018).
– Eit visuelt høgdepunkt for meg var å få plassere Jane Austen sitjande på Helgehornet med utsyn over Ørsta på omslaget til den andre boka, fortalde professoren i takketalen sin.
I tillegg er ho ein aktiv formidlar både i fagkretsar og for eit allment publikum. Og som om det ikkje var nok, er ho fagansvarleg i Store norske leksikon (SNL) for britisk litteratur i to periodar, 1700-talet og 1800-talet – noko ho sjølv ser på som «ein kjekk hobby å sysle med på fritida», der artiklane til samanlikning med årelangt vitskapleg arbeid har «nesten surrealistisk høge lesartal».
- Les Marie Nedregotten Sørbøs SNL-artikkel om Jane Austen her.
– Og så har eg realisert ein gamal draum og sjølv omsett ein Austen-roman til nynorsk, Northanger Abbey (Skald, 2022), den aller første på nynorsk etter tolv tidlegare omsetjingar til bokmål, fortalde prisvinnaren – og bokmeldarane kategoriserte den nynorske språkdrakta hennar som «nydeleg».
- Les også: Jane Austen for første gong på nynorsk
Rørt av pris, men kviler ikkje på laurbæra
Prisvinnaren blei heidra med vakker song frå Ragnhild Engeset, akkompagnert av førstelektor Elizabeth Anne Oltedal på piano. Dei skjenkte prisvinnaren nokre av Jane Austens eigne favoritt-tonar – noko den musikkglade engelskprofessoren sette stor pris på.
Prisvinnaren slapp sjølvsagt ikkje unna spørsmålet om kva ho tenkte då ho fekk FoU-prisen.
– Eg blei veldig glad. Eg blei rørt til tårer. Det er ikkje så forferdeleg mange som har fått denne prisen, så det at arbeidet mitt blir sett og påskjøna, det er veldig varmande.
I takketalen kunne prisvinnaren tydeleg avkrefte at ho har planar om å kvile på laurbæra, anten det gjeld folkeleg formidling i podkast for dei mange eller årelang, arbeidskrevjande grunnforsking for dei få:
– Eg satsar etter kvart på sameleis pensjonstid som den første FoU-prisvinnaren, Jostein Fet, som skreiv det meste etter 70. No har eg berre nokre få år att å vente på det skrivestipendet eg håpar pensjonen blir.