Frys husleiga til studentane i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) frys husleiga til studentane, prisane på bustadane deira vil ikkje auke før tidlegast hausten 2025.

Dette vart bestemt i styremøtet 14. desember under vedtaket av budsjett for 2024. Det betyr at prisane for hyblar og leilegheiter vert uendra i 2024, trass i ei høg generell prisstigning i samfunnet elles.

SiVolda har per 1.1.2024 over 600 hyblar til leige med prisar frå 3700,- pr. månad, inkludert straum og breiband.

Med dagens økonomiske situasjon håper dei dette kan vere med på å lette studentkvardagen i Volda.

–  Vi gjer dette for å kome studentane i møte i ei tid med svært pressa studentøkonomi. Levekostnadane har auka. Kostnadene til mat og andre nødvendige varer. Difor er eg svært glad for at vi kan halde prisane uendra, seier styreleiar Sindre Rabben Tronstad. 

Les meir om studentbustadane til SiVolda og prisar her.

– Set studentøkonomien og studenthelsa først

Administrerande direktør i SiVolda, Rune Aasen, seier at dette er ei hjelpande hand til studentane i ei pressa økonomisk tid. Det er også eit tiltak for å halde hybelprisane i Volda låge, for bidra til å gjere Volda til ein attraktiv studiestad. 

– Prisane våre representerer ei fordeling av studentvelferd mellom noverande og framtidige studentar. Som alle samskipnader prøver vi her i Volda å balansere dette. I år set vi studentøkonomien og studenthelsa først, seier Aasen.

Rune Aasen og Sindre Rabben Tronstad
Administrerande direktør Rune Aasen (t.v.) og styreleiar Sindre Rabben Tronstad. Foto: SiVolda

Billegast i landet

I ei VG-sak frå 2022 kom det fram at Volda hadde dei billegaste studentbustadane i landet. Då var noverande styreleiar i SiVolda og student, Sindre Rabben Tronstad, intervjua av VG. Han misunnte ikkje andre studentar som må betale langt meir for å bu.

– Det er nesten noko ein ikkje set stor nok pris på. Det er kjempegodt. Du høyrer i nyheitene, spesielt nede i Oslo-området, at ein må jobbe ved sidan av studia for å kunne halde ut. Her i Volda er det sånn at om du jobbar ved sidan av, da lev du i luksus, sa Tronstad til VG, som sjølv ikkje jobba ved sidan av studia:

– Eg har det fint, og har meir enn nok igjen av studiestøtta i slutten av månaden. Eg misunner på ingen måte dei som studerer i storbyen. Det blir med ein gong veldig dyrt.


 

Del på