Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir 15 millionar kroner til regional storsatsing i Aasenkvartalet i Volda
Støtta skal gå til å delfinansiere ei kultur- og konferansescene i tilknyting til å realisere utviklingsprosjektet Aasenkvartalet på høgskuleområdet i Volda.

Illustrasjon av Aasenkvartalet: Volda utvikling.
Volda kommune er vertskapskommune for høgskulen og sjukehuset og sendte i haust inn søknad til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Dagleg leiar Arne Lothe i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, seier det er viktig for stiftinga å vere med og styrke grunnlaget for utvikling av lokalsamfunnet og regionen.
– Særleg viktig er dei demografiutfordringane vi står overfor med skjerpa konkurranse om arbeidskrafta og studentar og dessutan sentraliseringskreftene frå dei større byane understrekar Lothe.
Rekordstor gåve frå stiftinga
– Saman skaper vi engasjerte lokalsamfunn, seier styreleiar Arild Hatløy i stiftinga.
Stiftinga vart etablert i 2023, og styret har i løpet av denne perioden fått inn mange søknader til gode formål. Dette er så langt den klart største gåva Sparebankstiftinga har valt å gi.
– Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre ber sparebanktradisjonane vidare. Som største eigar i SpareBank 1 SMN, deler stiftinga ut gåver frå utbytte dei får frå SpareBank1 SMN, utdjupar Hatløy.
Avgjerande for å få til sambruk og viktige møteplass
Volda-ordførar Sølvi Dimmen seier at kultur- og konferansescena i Aasenkvartalet vil vere eit nav i eit samla sambruksprosjekt. Her vert Norsk Innovasjonssenter samarbeids- og innovasjonsarena mellom næringsliv og akademia, Høgskulen i Volda, hotell og andre leigetakarar i bygget frå offentleg og privat næringsliv.
– Kultur- og konferansescena er ein sentral innsatsfaktor for å utløyse det totale byggjeprosjektet, og scena vert avgjerande for å kunne få til sambrukssynergiar. Denne salen vil også vere ein viktig regional møteplass mellom næringsliv, det offentlege og akademia knytt til aktivitetar i Norsk Innovasjonssenter utdjupar Dimmen.
Skal skape synergiar og nye arbeidsplassar
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda legg vekt på at det i åra framover vert særleg viktig å omstille arbeidslivet, både privat og offentleg, mot det digitale og grøne skiftet og skape nye arbeidsplassar gjennom kreativt samarbeid på tvers av bransjar:
– Vi registrer lågare søknadstal på dei tradisjonelle utdanningane, og i vår region er særleg høgskulen og sjukehuset sårbare. Blant høgskulane og universiteta i landet er Høgskulen i Volda den einaste som ikkje har ein næringspark knytt til seg. Både vi og regionen treng dette for å knyte tettare band mellom næringsliv og akademia, der ein kan utvikle nye konsept i ei digital framtid basert på den betydelege kompetansen ein finn på høgskulen. Her vil Norsk Innovasjonssenter spele ei svært viktig rolle, utdjupar Tonheim.
Byggjer under framtidsvisjonar
Sparebankstiftinga har lagt vekt på at dette er eit regionalt prosjekt der formålet med det samla konseptet er å skape synergiar og nye arbeidsplassar.
Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda kommune seier at innovasjonssenteret vil vere viktig for å styrke grunnlaget for høgskulen i framtida, og for å kople Høgskulen i Volda tettare på næringslivet og kommunane og utløyse synergiar og innovasjon.
– Høgskulen sit på svært viktig kompetanse som er viktig å få omsett i auka verdiskaping, også lokalt seier Sjurgard.
Ordførar Dimmen dreg parallellar til Kristiansund, som har same storleik som Volda og Ørsta i lag, og som nyleg har fått etablert eit innovasjonssenter på Campus Kristiansund med stor suksess for heile regionen.
Rektor Tonheim opplyser at Høgskulen i Volda jobbar no med å utvide med utdanning innan sjukepleie og vernepleie.
– Varme hender er noko som regionen trenger meir av framover, seier Tonheim.
Styreleiar Hatløy i stiftinga viser til visjonen til banken då stiftinga vart oppretta: «Bidra til å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre».
– Støtte på 15 millionar kroner til realisering av kultur- og konferansescene i Aasenkvartalet underbyggjer dette, avsluttar Hatløy.
Pressemeldinga er opphavleg publisert av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.